Peer Gynt
Peer Gynt as
Peer Gynt-huset
N-2640 Vinstra

T: (+47) 61 29 47 70
F: (+47) 61 29 47 71

E:
Utviklet av: InteraktivDesign.no

Friviljuge

Vi treng enda fleire gode hjelparar!
Vi treng enda fleire gode hjelparar!

Friviljuge

Dei friviljuge er bærebjelken i Peer Gynt-satsinga, anten det er Peer Gynt-stemnet eller andre arrangement. Vi har rundt 400 friviljuge i organisasjonen vår – kvar og ein like uunnverleg. Den innsatsen som år etter år blir lagt ned, og den kunnskapen den store friviljuge staben sitt på, er avgjerande for at våre arrangement skal bli ein suksess.

Dei friviljuge er vårt ansikt ut og møtet med dei friviljuge er avgjerande for totalopplevinga til alle som besøkjer oss, anten det er publikum, presse, aktørar eller samarbeidspartnarar. Det å vera frivillig krev stor arbeidsinnsats, humør, pågangsmot og fleksibilitet.

”Oss ska røske ti’ de”

Vår visjon er at ikkje berre dei som besøkjer oss, men og utøvarar og medhjelparar sitt att med opplevingar som rører ved deg, eit sosialt fellesskap og møter som inspirerar til engasjement og vidare samarbeid.

Vi treng fleire friviljuge - lyst til å vere med ? Les meir og registrer deg her!

 


 
Gudbrandsdal Energi SpareBank 1 Wilhelmsen Maritime Services Aftenposten AF Peer Gynt Lauget
Sponsorar