Verksemda vår
Peer gynt as leverar kunstnariske produksjonar, opplevingar og aktivitetar med høg kvalitet, inspirert av tema frå dramaet Peer Gynt - og med naturen som ramme og medspelar.
Peer Gynt skal vera ein etterspurt samarbeidspartnar og leverandør av emosjonelle opplevingar i ein lokal, nasjonal og internasjonal marknad. Opplevingane skal utfordre menneske til sosial, politisk, moralsk og etisk refleksjon.
I 1867 satt Ibsen i Italia og skreiv dramaet Peer Gynt. I oversendelsesbrevet til sin forlegger i København skreiv han: ”viss det kan interessere Dem at vite så er Peer Gynt en virkelig person der har levet i Gudbrandsdalen, rimeligvis på slutten av forrige eller begynnelsen av dette århundrede. Hans navn er endu godt kjent blant almuen der oppe”.
Det fyrste Peer Gynt-stemnet vart arrangert i 1928 - som ein hundreårsmarkering av Ibsens fødsel.
Sidan 1967 har stemnet vore arrangert årleg på Vinstra. I 2009 besøkte 25 000 festivalen.
Peer Gynt-stemnet fekk knutepunktstatus i 2008 som den første festivalen innafor scenekunst. Peer Gynt-stemnet har tre unike utendørsarenaer med Friluftsscena ved Gålåvatnet (1989), Rondane Høgfjellscene (1996) og Fryajuvet (2006). Naturen som scenografisk element er sentralt for alle produksjonane, og Fryajuvet er arenaen for presentasjon av ny moderne scenekunst der dans skal være eit sentralt element. I tildelinga understreka også stasråd Giske stemnets betydning som oppfølging av Ibsenåret for å gi Noreg ein nasjonal Peer Gynt institusjon. Peer Gynt as er ein viktig formidlar av Ibsen og er ”arnestedet” for dramaet Peer Gynt.
Dei tre største arrangementa under Peer Gynt-stemnet er Peer Gynt ved Gålåvatnet, den klassiske konserten Ved Rondane og danseforestillinga TidarÅ (overtok etter JUV i 2009).
Våre scener gir unike kulissar til våre produksjonen, og koblinga kultur og natur er grunnleggane for Peer Gynt as sine produksjonar. Peer Gynt ved Gålåvatnet framførast på Friluftsscena ved Gålåvatnet. Her er det vid utsikt både mot Jotunheimen og Rondane. På ein solskinnskveld går sola ned når mor Åse døyr, i tordenvær er himmelen mektig og dramatisk under Peer sitt møte med knappestøyparen. Høgfjellskonserten Ved Rondane har Rondane sine toppar og tindar som kulissar. Og i Fryajuvet er landskapet vilt, rått og spektakulært - to fjellveggar møtast, mellom dei buldrar fossen, og scena på 250 kvm er bygd i vassflata. Dei 30 meter høge fjellveggane brukast både til rappelering, dans og akrobatikk.
Vi søkjer at publikum skal kombinere dei gode kultur- og naturopplevingane. Derfor har vi inngått ei samrbeidsavtale med DNT - les meir om denne avtala og turar under Peer Gynt-stemnet her.
Heilårsproduksjonar utanom Peer Gynt-stemnet:
2006:
Nissene på Gålå , vinterforestilling
”Peer Gynt verdensborger av gemytt”, turne i Europa
”Peer Gynt”, Delacorte Theatre i Central Park, New York
2007:
“Peer Gynt - verdensborger av gemytt”, turne i Noreg
”Peer Gynt i konsert,” med Bergen og Trondheim symfoniorkester.
2008:
”Peer Gynt”, Nasjonalteateret i Seoul
”Bukkerittet”, turne i Italia
2009:
Trollkoden – vinterforestilling
Eigarskap og styre:
Peer Gynt as er eigd av Dyreparken Utvikling (50%), Stiftelsen Peer Gynt (34%), 24 bedrifter i Gudbrandsdalen (16%).
Styret består av: Bjarne Slapgard, Reidar Fuglestad, Simona Trombetta, Morten Randen, Øystein Rudi.



