Historikk
Nett som Ibsens Peer har og selskapet Peer Gynt ei brokete og fargerik historie. Det starta med det som sidan har vore rekna som grunnpillaren i verksemda - Peer Gynt-stemnet. Etter initiativ frå frøningen Pål Kluften vart det fyrste stemnet arrangert i 1928, som ei hundreårsmarkering av Henrik Ibsens fødsel. Det neste stemnet vart arrangert i 1932, som ei 200-årsmarkering etter Peder Olsson Hages fødsel. Sidan 1967, som ei hundreårsmarkering av Ibsens brev til København, har Peer Gynt-stemnet vore arrangert årvisst.
Frå 1967 var det den store friviljuge innsatsen som heldt liv i stemnet, men samstundes med den fyrste framsyninga av Peer Gynt ved Gålåvatnet kom kommunale krav om kjøp av marknads- og rekneskapstenester frå eit nyetablert sals- og messekontor på Vinstra. To år seinare gjekk selskapet konkurs.
"Mitt forretningsliv er et sluttet kapitel", seier Peer Gynt, der han står ribba etter møtet med Evas datter, Anitra. "Min kjærlighetslek er en avlagt kittel". Men dei friviljuge og ildsjelene sin kjærleik til stemnet, og ikkje minst trua på ein god forretningsidé gjorde at selskapet gjenoppstod same år, under namnet Peer Gynt Arrangement.
Som sin litterære føregangsfigur har og selskapet Peer Gynt lenge vore på leit etter seg sjølv. Og om vi verken har skipa negre til Carolina eller gudebilleder til China, har mykje av det selskapet har gjort vore langt i frå det som nå er kjerna i satsinga vår.
"Kommer ikke kjernen snart for en dag?"
Våren 2004 skifta selskapet namn til Peer Gynt as. Tre år seinare fekk Peer Gynt-stemnet knutepunktstatus og ein ny strategiplan for verksemda låg klar - ein strategi som spissar verksemda mot det som er vår kjerne - Peer Gynt - Henrik Ibsens litterære Peer, og vår eigen lokale Per frå Gudbrandsdalsk forteljartradisjon.
Våren 2008 kom Dyreparken Utvikling as inn på eigarsida i Peer Gynt as, og overtok 50% av aksjane i selskapet.
Sommaren 2009 fløtte Peer Gynt as inn i nye administrasjonslokaler med tilhørande produksjonslokale - PEER GYNT HUSET - kunsthall, scenerom, kostymelager, friviljugrom og andre kreative soner - sør i Vinstra sentrum (tidlegare Skurdal Kunstsmie).



