Strategi - visjon og verdiar
For Peer Gynt as er naturen ein viktig del av scenografien, og dette kjem til uttrykk gjennom aktiviteten vår.
Visjon
Oss ska røske ti de
Våre produksjonar, arenaer og møteplassar skal gje sterke opplevingar som røske og rører ved deg. Solnedgang ved Gålåvatnet. Hempa som glepp. Bukkehornet og bergveggen. Fossen og fela. Lyden av bånsull og smaken av nysteikt fjellaure.
Vi skal vekke engasjement og gjennom unike opplevingar skape refleksjon kring oss sjølve og kring dei valg vi gjer.
”Hva er det å være seg selv i grunnen?”
Kjerneverdiar
Ekte
Peer Gynt as skal gjennom alt vi gjer framstå som ekte og unike. Inspirasjonskjeldene i naturen og folkekulturen skal i støypeskeia og smeltast om til nye uttrykk. Lukt, smak og kjensler – våre uttrykk og dine inntrykk – skal ikkje berre kjennes ekte – dei skal vera ekte.
Ope
Peer Gynt skal gjennom eigarar, tilsette, tillitsvalte, friviljuge og samarbeidspartnarar vera opne i høve til nye idear og impulsar. Å vera ope krev ein kultur med vilje til å vera inkluderande – og evne til å la vera å gå utanom.
Lækje
Det er gjennom leik at kreativiteten får størst spelerom. Ei underleg sky kan bli til ein blinkande knapp dersom ein gir rom for fantasien og leiken. Arbeidet og arbeidsmiljøet skal være prega av trivsel, tryggleik og utviklingsmoglegheiter for kvar enkelt og for organisasjonen.
Peer Gynt skal vise mot til nyskaping og gjennom handlekraft utfordre det etablerte. Vi er tradisjonsbundne, samstundes som vi er utradisjonelle – som Ibsens Peer vil vi ut over seterbøen, og finnst ikkje vegen skapar vi den.



