Peer Gynt
Peer Gynt as
Peer Gynt-huset
N-2640 Vinstra

T: (+47) 61 29 47 70
F: (+47) 61 29 47 71

E:
Utviklet av: InteraktivDesign.no

Framsyning

Anitras Lounge

Anitras Lounge

-marokkansk matoppleving ved Gålåvatnet

«Det dølske blod er jo kongelig nesten – arabisk krysning vil gjøre resten».
Vi gjer Peer Gynt sine ord til våre, og inviterar til gode matopplevingar i eit marokkansk telt ved Gålåvatnet - midt i den norske fjellheimen. Anitras Lounge er ope for alle - både dei som skal sjå Peer Gynt og dei som berre vil ha ei eksotisk matoppleving.

Det eksotiske, det som er annleis, er ein stor del av forteljinga om Peer. Det som ikkje smakar av noko heimleg, og kanskje er aldri så lite utrygt? Ein motsats til det sette, det trygge, det dølske?

Kl. 17:00: Marokkansk middag
Vi rullar opp teltdøra, tar lokket av tajinane og fyller teltet med eksotisk luft og smak. Det vil bli servert ein 3-rettars middag. Middagen avsluttast på tradisjonelt marokkansk vis med myntete og dadlar med valnøtt, akkompagnert av ”På scenekanten” - ein introduksjon til Peer Gynt-forestillinga.

I teaterpausa opnar vi opp veggane i teltet, slik at alle kan kome inn. Sal av forfriskingar.

Kl. 22.30: Nachspiel og nattmat
Etter at Peer Gynt-teatret er slutt, er det klart for nachspiel i teltet. Her kan lokale og tilreisande, profesjonelle aktørar og friviljuge treffast i uformelle rammer og nyte marokkansk harira-suppe.

Biletegalleri

Anitras Lounge

Tid: Open alle dagar det er forestilling av Peer Gynt ved Gålåvatnet (29/7, 30/7, 31/7, 1/8, 3/8, 5/8, 6/8, 7/8 og 8/8)

Kl. 17.00: 3-retters marokkansk middag

I teaterpausa: sal av forfriskingar

Kl. 22.30: Nachspiel og nattmat

PRIS:
3-retters marokkansk middag, myntete og teaterintroduksjon: Kr. 490,- pr. person
Tillegg vinpakke: 210,- pr. person
Nattmat harira-suppe med brød: Kr. 120,- pr. person

Gudbrandsdal Energi SpareBank 1 Wilhelmsen Maritime Services Aftenposten AF Peer Gynt Lauget
Sponsorar