|
Peer Gynt as
Peer Gynt-huset N-2640 Vinstra T: (+47) 61 29 47 70 F: (+47) 61 29 47 71 E:
Utviklet av: InteraktivDesign.no
|
Peer Gynt-stemnet 29. juli – 8. august 2009
Per Gynt Gården, Hågå HistorikkPeer Gynt-stemnet er ein 12 dagar lang kulturfestival med teater, dans, konsertar, kunstutsillingar, litteratur og andre kulturopplevingar. Stemnet er eit møte mellom den lokale Per som inspirerte Ibsen og hans eigen litterære Peer. Møter mellom det kjente og det ukjente, det lokale og det internasjonale, og mellom det tradisjonelle og det nyskapande. "Hvis det kan interesse Dem at vide, saa er Peer Gynt en virkelig Person, der har levet i Gudbrandsdalen, rimeligvis i Slutningen af forrige eller i Begyndelsen af dette Aarhundre..." Henrik Ibsen knyter sjølv Peer Gynt til Gudbrandsdalen da han sende dei tre fyrste aktene av Peer Gynt til forleggjaren sin i København i 1867. Personen som vart modell for Ibsens Peer, er i gudbrandsdalsk forteljartradisjon knytt til garden Hågå i Sødorp som følgjelig er det lokale utgangspunktet for den historiske Per Gynt-tradisjonen. Etter initiativ frå frøningen Pål Kluften vart det fyrste Per Gynt-stemnet arrangert i 1928, som ei hundreårsmarkering av Henrik Ibsens fødsel. Det neste stemnet vart arrangert i 1932, som ei 200-årsmarkering etter Peder Olsson Hages fødsel. Sidan 1967, som ei hundreårsmarkering av Ibsens brev til København, har Peer Gynt-stemnet vore arrangert årvisst. Stemnet fikk sitt gjennombrot med teaterframsyninga av Peer Gynt på friluftsscena ved Gålåvatnet i 1989. Grunntanken for stemnet er møtet mellom den lokale Per med ein e og Ibsens litterære Peer med to e-ar. Peer Gynt-stemnet arrangerast kvart år, 12 dagar i byrjinga av august. Den 8. august skal alltid vere ein del av stemnet. Det var på den datoen Ibsen sendte sitt manuskript til København. |
|
