Peer Gynt
Peer Gynt as
Peer Gynt-huset
N-2640 Vinstra

T: (+47) 61 29 47 70
F: (+47) 61 29 47 71

E:
Utviklet av: InteraktivDesign.no

Peer Gynt-stemnet 29. juli – 8. august 2009

Kjetil Thorsen i Snøhetta as får overrakt Peer Gynt-prisen frå Stortingspresident Thorbjørn Jagland. (Foto: Edvard Mølmen)
Kjetil Thorsen i Snøhetta as får overrakt Peer Gynt-prisen frå Stortingspresident Thorbjørn Jagland. (Foto: Edvard Mølmen)

Peer Gynt-prisen

Hedersprisen Årets Peer Gynt vart innstifta av Per Gynt-stemnet allereie i 1971. Einar Gerhardsen var den fyrste prisvinnaren og var også den som lyfta prisen inn i Stortinget. Årets Peer Gynt 2009 blir offentleggjort i april, og får overrekt prisen under Peer Gynt-kvelden, fredag 31. juli.

Nå kan du komme med forslag til den du meiner bør bli Årets Peer Gynt i 2009! Les meir her.

Sjå intervju med fjorårets vinnar, Snøhetta as, og utdrag frå festforestillinga Peer Gynt-kvelden her.

Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane, etter initiativ frå den første vinnaren, som har valt årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomité nominerar tre kanididatar ut frå innkomne forslag. Namna blir samstundes gjort offentlege.

For perioden 2007 – 2010 er det oppnemnt slik nominasjonskomité:

·           Marit Breivik (leiar)
·           Jan Egeland
·           Berit Brørby
·           Håkon Gullvåg
·           Gunnar T. Stenseng (rep. frå stiftelsen Peer Gynt)

Medlemmane av komiteen representerer ulike fagfelt, slik at vurderinga blir så brei og balansert som råd. Komiteen blir oppnemnd for fire år om gongen, og nye medlemmar blir utnemnd av Peer Gynt as i samråd med og etter forslag frå dei sitjande komitémedlemmane.


 
Gudbrandsdal Energi SpareBank 1 Wilhelmsen Maritime Services Aftenposten AF Peer Gynt Lauget
Sponsorar