Invitasjon
Per Gynt-stemnet på Vinstra vil framstå som eit av dei fremste kulturarrangementa i landet. Om snaue to veker startar årets stemne og programmet er meir omfattande enn nokonsinne. Det skal vere over 40 ulike arrangement på 15 ulike arenaer. Her er nokre høgdepunkt:
· Henrik Ibsens
· Høgfjellskonserten ”Ved Rondane”. Fire kvinner hyller Edvard Grieg – Eir Inderhaug, Gunilla Süssmann, Gøril Mauseth og Halldis Rønning.
· JUV – vilt, vakkert og halsbrekkande. Dansarer, klatrarar, akrobatar, padlarar og musikarar møtast i eit juv – Bentein Baardson kallar det teaterhistorie. Premiere onsdag 8. august kl 2230.
· ”Peer Gynt – verdensborger av gemytt”, ein moderne Peer som midtvegs i livet møter seg sjølv og sine kvinner. Ein musikalsk leik som er innom dei fleste sjangrar. Med blant andre Dennis Storhøi og Karoline Krüger
· Håkon Bleken er årets Peer Gynt-utstillar, opning laurdag 4. august.
· Peer Gynt-kvelden med utdeling av
For media gjer vi spesielt merksam på følgjande (ikkje i det offisielle programmet):
- Onsdag 1. August kl. 1530:
Pressetreff med Svein Sturla Hungnes som fortel om den nye forestillinga. Kulturminister Trond Giske er også til stede.
- Fredag 3. August kl. 1730:
Pressetreff med årets
- Laurdag 4. august kl. 1230:
Peer Gynt forum; ”ja teinkje det, ønskje det, vilja det – men gjerra det...”.
Innledere: Idar Kreutzer – Storebrand, Lene Liebe – Natur og ungdom, Trond Kjærstad – BI. Sted: Peer Gynt gaarden, Hågå.
- Laurdag 4. august kl. 1400:
Treff med årets Peer Gynt, tidlegare vinnarar og inviterte gjestar,
Peer Gynt gaarden, Hågå.
- Laurdag 11. august kl. 1930:
Svein Sturla Hungnes speler Peer Gynt på Gålå for siste gong.
Akkreditering skjer på festivalkontoret i stasjonsparken på Vinstra og akkrediteringsbeviset gjeld for alle arrangement, med unntak av
Det blir også oppretta eit pressesenter i nedregate 54, der er det tilgang på arbeidsplassar med internett tilkobling.
For informasjon, akkreditering og andre spørsmål:
Kjersti Stenseng Rune Støstad
Festivalsjef Pressekontakt
Mobil: 900 80 774 Mobil:918 64 767
Fullstendig program:
www.peergynt.no
«Hvis det kan interessere Dem at vide, saa er Peer Gynt en virkelig Person, der har levet i Gudbrandsdalen...» skreiv Henrik Ibsen i eit brev til sin forleggjar i København datert 8. august 1867, saman med dei tre fyrste aktene av dramaet. Han knyter dermed sin eigen Peer Gynt til den lokale Per frå Fron som lev vidare i Gudbrandsdalskulturen. Eit møte mellom dei to var ideen som låg bak dei fyrste Per Gynt-stemna, og er også i dag stemnet sitt motto.

