Kulturministeren opnar Peer Gynt
Peer Gynt på Gålå er sett av over 160.000 personar. Det er 19. året at teateret blir satt opp, årets forestilling framstår som ny. Regissør Svein Sturla Hungnes har gjort store endringar på innhaldet, i tillegg er teateranlegget rusta opp for 10 millionar kroner.
- Per Gynt-stemnet er ein av dei mest sentrale kulturhendingane i sommar-Noreg. Eg gler meg til å besøke Per Gynt-stemnet, både til å sjå forestillinga og til å opne det nye anlegget, seier Trond Giske.
Premiera på årets forestilling er onsdag 1. august. Arrangøren er glad for at Kulturministeren kjem:
- Vi har fått eit praktfullt og moderne teateranlegg, med Gålåvatnet og fjella som ein enda tydelegare del av scenebilete. Vi meiner vi har fått eit av dei flottaste anlegga i heile landet, og når kulturministeren kjem for å opne anlegget, er det enda eit signal om kor høgt verdsatt teateret er, seier administrerande direktør i Peer Gynt as, Eli Blakstad
For meir info og billettar/akkreditering til premiera, kontakt:
Rune Støstad
Pressekontakt
Mobil: 918 64 767 Fullstendig program:

