Ny og spennande vinterframsyning under produksjon
Den nye framsyninga tek over etter ”Nissene på Gålå” som har vore spelt dei siste fem åra.
I 5 år har Peer Gynt as utvikla eit vinterkonsept spesielt retta mot barn. Den populære framsyninga ”Nissene på Gålå” har sidan urpremiera i 2003 samla 15000 små og store tilskodarar. Framsyninga har teke utgangspunkt i fjernsynsdramaet ”Jul i Blåfjell”, ”Amalies jul” og ”Jul på månetoppen”. Produksjonen har vore eit samarbeidsprosjekt med NRK.
- Når vi nå avsluttar nissekonseptet er det for å kunne utvikle eit heilt nytt dramatisk stykke. Den nye framsyninga skal henvende seg til ei breiare målgruppe og knytte seg sterkare til Per Gynt tradisjonane i Gudbrandsdalen, seier Kjersti Stenseng.
Til å skrive manus har Peer Gynt as fått med seg forfattar Petter Rosenlund . Han er mellom anna mannen bak den populære TV-serien Thomas P. som for tida går på NRK. Han var ein av manusforfattarane for fjernsynsserien ”Hunter” (2007) og dokudramet ”Drømmen om Norge” (2005). I 1998 vann han Ibsenprisen med stykket ”En umulig Gutt”. Den nye vinterframføringa er klar for premiere vinteren 2009.
For nærmare informasjon:
Knut Kvidaland
Kommunikasjonssjef/Communication manager
Tel: +47 61 29 47 70 Mob: + 47 908 78 903
knut@peergynt.no www.peergynt.no

