Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Peer Gynt as kjøper næringsbygg

23.01.2008
Peer Gynt as kjøper næringsbygget Skurdal kunstsmie på Vinstra.
Selskapet har over lengre tid vore på utkikk etter nye lokalar og har vurdert
ulike løysingar.

Dei nåverande lokala på Vinstra Skysstasjon har vorte for små og det er behov for å samle verksemda. I dag har selskapet lagerplass fleire stader utanom administrasjonsbygget. Selskapet si heilårlege verksemd har og framtvinga meir praktiske løysingar i høve til lokalitetar og tilgjengelegheit. Dei nye lokala er funksjonelle og i god stand, men det er behov for noko ombygging, og det vil vera klart for innflytting på seinsommaren/hausten 2008.

Peer Gynt as har ønskje om å gjera dei nye lokala til eit ope hus og ein møteplass. Lokala har og moglegheiter for kunstutstillingar og ulike kulturelle arrangement.

Peer Gynt as er i dialog med Nord Fron kommune om vidare drift av skysstasjonen.

For nærare informasjon:

Knut Kvidaland

Kommunikasjonssjef/Communication manager

Tel: +47 61 29 47 70/Mob: + 47 908 78 903

knut@peergynt.no/www.peergynt.no

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line