Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Statssekretær Lubna Jaffery Fjell opnar Peer Gynt-stemnet

16.07.2010
Lubna Jaffery Fjell foretek den offisielle opninga av Peer Gynt-stemnet under opningsforestilling på friluftsscena ved Gålåvatnet onsdag 28. juli. Peer Gynt-stemnet har årleg støtte frå Kulturdepartementet og har knutepunktstatus innafor scenekunst med naturen og dramatikken

Henrik Ibsens Peer Gynt ved Gålåvatnet er på ein måte ”originalen” av Peer gynt.  Regissør Svein Sturla Hungnes har skapt ein teatersuksess med denne etterspurte framsyninga, og nye produksjonar for eit nasjonalt og internasjonalt publikum har vokse ut frå Gålåforestillinga.
Ibsen knytte sjølv dramaet til Gudbrandsdalen da ha i eit brev til sin forlegger skrev:

” Peer Gynt er ein virkelig person der har levet i Gudbrandsdalen”. 

 ”Ingen andre regioner i Noreg har tre utendørsarenaer tilrettelagt for ulike uttrykk.  Scena ved Gålåvatnet, Ekstremscena i elvejuvet Frya og konsertscena i Rondane gir stemnet eit heilt spesiell posisjon.  Eg har høyrt mykje om utviklinga i Peer Gynt-stemnet og gleder meg til å oppleve dette.” , seier statssekretær Lubna Jaffery Fjell. 

Statssekretæren skal også innleie på Peer Gynt Forum om kva som motiverer leiarar. Andre innleiarar  er Amir A Dossal leder av FNs organ for privat og offentlig samarbeid ( UNOP), han leder FNs strategiske arbeid for å nå milleniumsmålene, langrennsløpar Øystein Pettersen og  Førsteamanuensis ved Diakonhjemmet Høgskole Beate Jelstad.   
 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line