Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Suksess for Peer Gynt i natur

9.08.2010
PRESSEMELDING 9.august 2010
Stemnet er godt besøkt, dei nye produksjonane har gått bra og attendemeldingane frå publikum er gode.
– Stemnet har ein unik posisjon i norsk kulturliv og vi håper at årets arrangement er med på å forsterke denne posisjonen, seier administrerande direktør Eli Blakstad i Peer Gynt as.

I løpet av 12 dagar er det gjennomført nesten 100 ulike arrangement. Nytt av året er fleire og nye kulturopplevingar i naturen.
- Med årets program er vi på bølgjelengde med vårt publikum. Vi har fått full uttelling for fleire kulturopplevingar i natur, seier kunstnarisk leiar Svein Sturla Hungnes.

Peer Gynt stemnet hadde eit godt besøk. Totalt har rundt 25.000 personar besøkt dei ulike arrangementa. Det er på same nivå som i fjor.
Peer Gynt ved Gålåvatnet er hovudarrangementet i stemnet. I år er programmet utvida med både morgonkonsertar, kulturelle setervandringar, eit nytt tursamarbeid med Den Norske Turistforening og fleire nye aktivitetar for barn og unge.

- Vi er godt fornøgd med besøket, spesielt på dei nye satsingane. Dette inspirerer meg til å jobbe vidare med utvikling av kultur i natur, seier Svein Sturla Hungnes.

Arbeidet med Peer Gynt-stemnet 2011 er allereie i gang. Billettane for neste år blir lagt ut for sal 1. oktober.

For nærare informasjon:
Eli Blakstad
Adm.direktør
Tlf. +47 952 41 362
E-post: 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line