Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Programslepp og lansering av dansesamarbeidet i Innlandet

13.04.2011
I dag vart programmet for Peer Gynt-stemne lansert, og dermed og eit nytt samarbeid mellom arrangøren Peer Gynt as, Teater Innlandet og Lillehammer- og Gjøvik Dansesenter. Og det er årets hovedsatsing under stemnet, danseforestillinga STUP i Fryajuvet, som er målet for samarbeidet.

Dei to føregåande forestillingane, JUV og TidarÅ har etablert Fryajuvet som ei av Norges mest besøkte scener for samtidsdans. Vi har store forventningar, både til den nye forestillinga og til samarbeidet seier konstituert adm. dir i Peer Gynt as May Brit Støve. Forestillinga spring ut frå Peer Gynt si tankeverd, og syner draum om eigen storheit, kjærleik og sanselaus erotikk. I dei bratte fjellveggane, og i den brusande fossen blir Peer sendt utfor stupet.

 

Dette er starten på eit treårig prosjekt som vi har tro på at dei tre organisasjonane vil ha felles nytte av, og som ikkje minst vil komme eit stort publikum til gode, seier teatersjef Janne Langaas i Teater Innlandet. Både Peer Gynt-stemnet og Lillehammer og Gjøvik Dansesenter er sentrale aktørar i regionen. Teatret vil følgje den kunstnariske prosessen tett heile vegen. I 2012 håpar Teater Innlandet i tillegg å bidra til at ein fortetta versjon av STUP tilpassa scena, kan bli sendt ut på turné i fylka. Slik vil forestillinga kunne nå enda fleire.

 

 

For nærare informasjon:

May Brit Støve                                                         

Konst. Adm. Dir. Peer Gynt as                           

Tlf +47 971 83 704

may.brit@peergynt.no                                              

 

Bente Elisabeth Skjefstad
Presse – og informasjonsleder

TEATER INNLANDET

Tlf. +47 995 22 926

bente.skjefstad@teaterinnlandet.no

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line