Håkon Sveen årets Vehl-Per
Håkon Sveen har vore medlem av arrangementskomiteen og han har dei siste åra vore medlem av styret i Peer Gynt as. Håkon har og bidrege på scena ved Gålåvatnet, både som brudgommens far og som hofftroll hjå Dovregubben. Han har vore ein pådrivar for arrangement som til dømes Lygn og Forbæinna dikt. I tillegg ber han vidare dei lokale segnene om Per Gynt på ein framifrå måte, til så vel næringsliv som skuleelevar.
Det er likevel det store arbeidet med tilrettelegginga av dei tre første aktene av Ibsens Peer Gynt til fronsmål, og det kontinuerlege arbeidet med å få profesjonelle skodespelarar til å låte truverdig på døl, som gjer at stiftelsen Peer Gynt nå gir Håkon Sveen Vehl-Per statuetten. Dialekten og språket er eit av Peer Gynt-satsinga sine sterkaste særmerke, og Håkon har gjennom sitt arbeid vore med å gi satsinga både identitet og karakter.
Overrekkinga er lagt til opninga av Peer Gynt-stemnet onsdag 30. juli i Stasjonsparken på Vinstra.
Vehl-Per statuetten, som er Peer Gynt-statuetten i miniformat, blir kvart år delt ut til ein institusjon eller person som gjennom lang tid har markert seg på ein positiv måte i forhold til Per Gynt-stemnet og lagt ned ein stor friviljug innsats. Der den litterære Peer er viljelaus og vik unna, går Vehl-Per tvert igjennom og stiller opp. Det gjeld i aller høgaste for Håkon Sveen.
Det er stiftelsen Peer Gynt som utnemner Vehl-Per.
For meir informasjon:
Knut Kvidaland, kommunikasjonssjef (tel. 90878903, epost: knut@peergynt.no)

