Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Peer Gynt dreg til Hamburg

2.05.2011
Fredag 6. mai settes Peer Gynt opp i den gamle erverdige Fischauktionshalle i Hamburg. Forestillinga, som spring ut frå Peer Gynt ved Gålåvatnet, blir brukt som spydpiss når Norge profilerast i Tyskland under den 822. Hafengeburtstag i Hamburg.

Hafengeburtstag i Hamburg er verdas største havnefestival med århundrelange tradisjonar. Kvart år besøker om lag 1,5 millioner mennesker den svært tradisjonsrike festivalen, som i år  har Noreg og fylkeskommunane i Østlandssamarbeidet som samarbeidsland/region.

I spissen av dei norske markeringane under festivalen er Peer Gynt-oppsetninga i Fischauktionshalle ved Hamburg havn. Forestillinga er produsert av Peer Gynt as, og er eit samarbeid med Color Line, Generalkonsulatet i Hamburg, Innovasjon Norge, Oppland Fylkeskommune, DnB Nor, Thon Hotels, Geilo og Norefjell Destinasjon. Samarbeidspartnarane, med Color Line i spissen, ønskjer med dette å bruke Peer Gynt ved Gålåvatnet som internasjonal merkevare. - Vi ser på forestillinga ved Gålåvatnet som eit av dei fremste trekkplasterene for å få nye tyske turistgrupper til Noreg, seier konserndirektør Helge Otto Mathisen i Color Line.

For Peer Gynt as er oppsetninga i Hamburg svært attraktiv og ein unik moglegheit til å syne seg fram. Storsatsinga går rett inn i selskapets visjon om å nå ut til internasjonalt publikum.     - At Peer Gynt as får oppdraget med å produsere ei forestilling til ein slik anledning illustrerer statusen til Peer Gynt ved Gålåvatnet, seier konstituert administrerende direktør May Brit Støve i Peer Gynt as.

Regien for denne fleirspråklege versjonen av Henrik Ibsen sin Peer Gynt er ved Svein Sturla Hungnes. På rollelista står Dennis Storhøi, Charlotte Frogner, Karoline Krüger, Britt Langlie, Mari Baade, Andree Solvik m.fl., deriblant utvalgte amatørar fra Gålå-oppsetninga samt tyske amatørar.

Forestillinga er eksklusiv for inviterte gjestar, blant dei H.K.H. Kronprins Haakon.


Meir informasjon:
Trond Ivar Bækken
Peer Gynt as
+47 960 12 022

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line