Nominert til Årets Peer Gynt
Heidersprisen - Årets Peer Gynt vart stifta av Per Gynt-stemnet i 1971, med Einar Gerhardsen som fyrste prisvinnar. Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane som har valt Årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomite, leia av Marit Breivik, har etter gitte kriterium nominert tre kandidatar til prisen. Desse er nå oversendt til stortingsrepresentantane for avsteming. Årets Peer Gynt blir offentleggjort over påske
Dei nominerte er :
Solveig Kringlebotn (f.1963) er ein av Noregs fremste klassiske utøvarar innan song. Ho har ei stor internasjonal karriere bak seg. Ho har gjesta Proms-konsertane i Royal Albert Hall fleire gongar, ho har vore på turne med velrenommerte orkester. Ho har sunge på kjente internasjonale festivalar og gjesta dei fremste operahusa i verda. Kringlebotn har sunge på ei rekkje CD-innspelingar og har fått strålande kritakkar
Snøhetta AS (etabl.1988) er eit nasjonalt og internasjonalt anerkjent arkitekt, landskapsarkitektur og interiørdesignfirma i Oslo. Firmaet har vunne fleire internasjonale arkitektkonkurransar og er mellom anna kjent for biblioteket i Alexandria i Egypt, Tuner Contemporary Museum i England og museumskomplekset der World Trade Center tidlegare lå i New York og i tillegg det nye operahuset i Bjørvika. Snøhetta har med si varksemd merknadsført Noreg på ein ny og spennande måte internasjonalt.
Lars Saabye Christensen (f.1953) debuterte i 1976 og hadde sitt gjennombrot med romanen Beatles. Fleire av hans romanar er filmatisert, og han har og skrive filmmanus, høyrespel og fjernsynsdrama.
Bøkene hans er overset til ei rekkje land og han har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar, blant anna Nordisk råds litteraturpris for 2002.
I 2006 vart han utnemnt til kommandør av Den Kongelige Norske St Olavs orden.
For meir informasjon:
Knut Kvidaland, kommunikasjonssjef

