Premieren på danseforestillinga STUP blir utsett
Den siste veka har vatnet gått over scena i Fryajuvet. Dei store vassmengdene har gjort det uforsvarleg å ha øvingar i juvet. Fyrst måndag kveld kunne dansarane ha ein gjennomgang i juvet. Men av omsyn til tryggleiken for dansarane er det ikkje forsvarleg å ha premieren fredag.
- Vi er lei oss for at dette vart utfallet, ikkje minst på grunn av alle som har kjøpt billett til forestillingane i helga, seier Støve. Vi har ein gjeng meget dyktige dansarar og alle er topp motivert til vidare arbeid med STUP. Nå får vi den tida vi treng til øving, og det blir ei fantastisk danseforestilling i Fryajuvet.
Premieren på STUP bli onsdag 10. august, og det blir forestillingar 10., 11., 12. og 13. august. Det er ei mindre enn det som var planlagt.
Alle som har kjøpt billettar tilforestillingane 5. og 6. august har tre val; dei kan sjå STUP 10., 11 elller 12, august, sjå eit anna arrangement eller få pengane refundert. Alle kjøparar som er registrert med kontaktopplysninger vil bli kontakta av Peer Gynt as. Dei kan og ta kontakt sjølve med Peer Gynt as på tel. 950 00 770 / e-post: post@peergynt.no.
For meir informasjon, kontakt:
May Brit Støve, konstituert adm. direktør, 971 83 704

