Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Bibliotheca Alexandrina, Snøhetta as

Snøhetta as valt til Årets Peer Gynt 2008

4.04.2008
Arkitektfirmaet Snøhetta AS er valt til årets Peer Gynt. Det er Stortingsrepresentantane som avgjer kven som får prisen som blir overrekt under Peer Gynt-stemnet på Vinstra fredag 1. august.


Årets Peer Gynt 2008 - Snøhetta AS (etabl.1988) er eit nasjonalt og internasjonalt anerkjent arkitekt, landskapsarkitektur og interiørdesignfirma i Oslo. Firmaet har vunne fleire internasjonale arkitektkonkurransar og er mellom anna kjent for biblioteket i Alexandria i Egypt, Turner Contemporary Museum i England, museet der World Trade Center tidlegare lå i New York, og  det nye operahuset i Bjørvika. Snøhetta har med si verksemd marknadsført Noreg på ein ny og spennande måte internasjonalt.

Heidersprisen - Årets Peer Gynt er ein pris som går til ein person eller ein institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan. Prisen vart stifta av Per Gynt stemnet i 1971, med Einar Gerhardsen som fyrste prisvinnar. Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane som har valt Årets Peer Gynt. Etter gitte kriteriar nominerar ein komité, ft leia av Marit Breivik tre kandidatar til prisen. Desse blir oversendt til stortingsrepresentantane for avstemming.
 
Stortingspresident Thorbjørn Jagland overrekkjer Peer Gynt prisen under Peer Gynt-kvelden 1. august på Vinstra.

Snøhetta AS


 
For nærare informasjon:
Marit Breivik,
Leiar av nominasjonskomiteen                           
Tlf +47 90587036

Knut Kvidaland,
Kommunikasjonsjef Peer Gynt as
Tlf +47 90878903

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line