Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Billettar til Peer Gynt i salg frå 1. oktober

23.09.2011
Laurdag 1. oktober blir billettane til Peer Gynt-stemnet 2012 lagt ut for salg. Neste år blir det sju forestillingar på Gålå, det er ei mindre enn i år.


 

 

 Peer Gynt ved Gålåvatnet er eit av landets mest etterspurte friluftsteater, og kvart år kjem mellom 10.000 og 15.000 personar for å sjå forestillinga. Fram til 2008 var alle forestillingane så godt som utselde.
- Etter at amfiet vart utvida med 500 plassar, har det vore ledige benker. I år var snittet 70 prosent belegg på dei åtte forestillingane på teateret. Derfor har vi bestemt oss for å ha sju forestillingar neste år, seier konstituert adm. direktør May Brit Støve. Vi ønskjer at fleire skal oppleva Henrik Ibsens Peer Gynt ved Gålåvatnet, og med sju forestillingar vil vi ha fleire publikummarar på kvar forestilling, samtidig som vi har kapasitet til å nå ut til nye målgrupper.

Når billettsalet startar neste laurdag er det Peer Gynt ved Gålåvatnet, høgfjellskonserten Ved Rondane, Morgonstemning på Gålå og Anitras Restaurant som ligg ute for sal. Billettar til STUP i Fryajuvet, kyrkjekonserten i Sør-Fron Kyrkje og dei andre arrangementa under stemnet blir lagt ut litt seinare.

Det 48. Peer Gynt-stemnet blir arrangert på Vinstra 1. -12. august 2012.

Peer Gynt ved Gålåvatnet 1., 2., 3., 4. 9., 10 og 11. august kl. 19.30.
Peer Gynt blir spela av Dennis Storhøi. Regi: Svein Sturla Hungnes

Ved Rondane: Søndag 5. august kl 14.00.

Morgenstemning: 2., 3., 4. 10. og 11. august, kl. 10.30

Anitras Restaurant: 1., 2., 3., 4., 9., 10. og 11. august, kl. 17.30.

For nærare informasjon:
May Brit Støve – Konst adm. dir. i Peer Gynt as - Mob: + 971 83 704 –

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line