Programlansering
Peer Gynt as lanserer eit innhaldsrikt og samansett program for årets stemne. ”Vi har i år valt kvinnene som innfallsvinkel for å koma nærare Peer,” seier festivalsjef Kjersti Stenseng.
Mottoet for årets stemne er : ”Der sto kvinner bak ham”
Kjente namn frå ulike litteratur- og teaterkrinsar vil utforske temaet.
På teateret ved Gålåvatnet vil Anitra, Maria Haukås Storeng, forføre den ”nye” Peer: Dennis Storhøi.
Årets Peer Gynt-stemne inneheld fleire nye innslag som ”Bukkerittet”, med blant andre Hallgrim Hansegård og Adil Thathaal. Bukkerittet er ein kombinasjon av det moderne og det tradisjonelle. Gateteater på Gudbrandsdalsk vis.
Anitras Lounge er og ei nyskaping i mangfaldsåret.
Kunstsatsinga blir styrka og omfattar i år tre utstillingar. Thomas Knarvik er årets Peer Gynt-kunstnar og ”Peer a colori” er ei utstilling med førti italienske kunstnarar som tolkar Ibsen og Peer Gynt. Marianne Heske besøkjer stemnet med mms-foto frå Gudbrandsdalen.
Stemnet inneheld nærare 50 ulike arrangement. Programhefte vil gje ei utførleg presentasjon av innhaldet i stemnet.
- Med eit nytt og utfordrande uttrykk vonar vi at programmet vil vera ein appetittvekkjar for årets Peer Gynt-stemne, seier kommunikasjonssjef i Peer Gynt, Knut Kvidaland.
For nærare informasjon:
Knut Kvidaland,
Tlf +47 90978903
Kommunikasjonsjef Peer Gynt as

