Per Gynt-stemnet med Grieg-fokus
I år er det 100 år sidan Noregs største komponist døde. Høgfjellskonserten ”Ved Rondane” og kveldskonserten i Sør-Fron kyrkje vil i sin heilskap dediserast Edvard Griegs musikk.Det er den norske musikken – frå tradisjonsmusikk til kunstmusikk – som står i fokus på Per Gynt-stemnet sine konsertar. Naturen som inspirasjonskjelde står sentralt. Høgfjellskonserten ”Ved Rondane” er ein klassisk konsert i storslagen natur med Rondane som kulissar. Det var i disse fjella Edvard Grieg, i likskap med Henrik Ibsen, fann inspirasjon til nokre av sine mest kjende verk. Høgfjellskonserten trakk i fjor 3.000 personar til fjells.
I år vil sopranen Eir Inderhaug tolke nokre av Grieg sine songar, medan skodespelaren Gørild Mauseth gjev liv til Grieg og Bjørnsons sterke kvinneskikkelse Bergljot. Ein av våre mest lovande, kvinnelege pianistar, Gunilla Süssmann, avsluttar med Griegs berømte a-moll-konsert. Peer Gynt kammerorkester blir dirigert av Halldis Rønning. Morten Jostad er i likskap med dei siste åra konferansier.
I Sør-Fron kyrkje er det to av Noreg og Skandinavias mest lovande, unge musikarar som vil hylde Grieg. Fiolinisten Henning Kraggerud og Helge Kjekshus på klaver framfører Griegs tre fiolinsonatar. Dei to har tidlegare gjort ei innspeling av det same materialet, til framragande kritikkar, og dei tek oss med frå ungdommeleg og talentfullt sveinestykke, via det følsame og valdsame – det typisk griegske – til det storslagne og tragiske.
Høgfjellskonserten ”Ved Rondane” arrangerast søndag 5. august kl. 14.00.
Kveldskonserten i Sør-Fron kyrkje arrangerast tysdag 7. august kl. 21.00.
For nærmare informasjon:
Kjersti Stenseng
Festivalsjef
Mobil: 900 80 774
Epost:

