Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Håkon Bleken årets Peer Gynt-kunstnar

27.02.2007
Håkon Bleken er årets Peer Gynt-utstillar under Per Gynt-stemnet på Vinstra 1. – 12. august 2007.

Bleken har vore ein av dei mest markante skikkelsane i norsk kulturliv gjennom mesteparten av etterkrigstida, og er ein av våre absolutt fremste samtidskunstnarar. Han har ein stor og variert produksjon bak seg, med hovudvekt på grafikk og måleri. Sidan debuten i 1951 har Bleken hatt ei rekkje separatutstillingar i alle våre viktigaste galleri, mellom anna Nasjonalgalleriet og Henie-Onstad Kunstsenter. Han har også hatt fleire utstillingar utanlands, og han er kjøpt inn av dei fleste store museum og institusjonar i Noreg.

Bleken har gjort store utsmykkingsoppdrag, og han vant konkurransen om det offisielle signingsbiletet av kong Harald og dronning Sonja i 1991. Biletet henger i dag i Stiftsgården i Trondheim. Han har også portrettert fleire kjente personar, mellom andre kong Olav. I 1999 vart han utnemnd til St. Olavs orden, riddar av 1. klasse.

Sentrale tema hos Bleken er eit sterkt samfunnsengasjement og menneskeleg liding – tema som grip direkte inn i Henrik Ibsens Peer Gynt. 

Håkon Bleken er født i Trondheim 9. januar 1929, der han bor og arbeider. Bleken har si utdanning frå Statens Kunstakademi og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole.

Kunstutstillinga opnar laurdag 4. august kl. 11.00.

For nærmare informasjon:

Kjersti Stenseng

Festivalsjef

Mobil: 900 80 774

E-post:  

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line