Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Peer Gynt-stemnet: Konsertar

22.05.2008
Årets konsertsatsing under Peer Gynt-stemnet spennar frå Peer Gynt, via Hardingtonar til nordnorsk mystikk.

Det er den norske musikken – frå tradisjonsmusikk til kunstmusikk – som står i fokus på Peer Gynt-stemnet sine konsertar. Naturen som inspirasjonskjelde står sentralt. Høgfjellskonserten ”Ved Rondane” er ein klassisk konsert i storslagen natur med Rondane som kulissar. Det var i disse fjella Edvard Grieg, i likskap med Henrik Ibsen, fann inspirasjon til nokre av sine mest kjende verk.

I år er det 100 år sidan ein av Noregs største komponistar, Geirr Tveitt, vart fødd. Underjordiske overtonar, bjøllo i fjellet og ekko frå fortida er sett i høgsetet når mellom andre 100-åringen Tveitt skal feirast. Men her vil det og, for fyrste gong Ved Rondane, framførast delar av Harald Sæverud sin Peer Gynt-suite.            

I år står to unge, spennande solistar i fokus Ved Rondane. Åshild Breie Nyhus er solist i Geirr Tveitt sin Hardingfelekonert nr. 2: Tri Fjordar. Breie Nyhus (fødd 1975) er ein allsidig musikar med bakgrunn både frå klassisk musikk og folkemusikk. Ho har vore solist med fleire av dei større norske orkestra, og var i 2007 nominert til Spelemannsprisen. Pianisten Christian Ihle Hadland tolkar Edvard Grieg sin a-moll konsert. Ihle Hadland (fødd 1983) har mellom anna vore solist med Oslo Filharmoniske Orkester, og har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er ein av våre mest lovande unge pianistar. Peer Gynt kammerorkester blir dirigert av Ole Kristian Ruud.

I Sør-Fron kyrkje står Kari Bremnes på scena. Det er nordvendt, det er europeisk, det er ope og det er melankolsk. Det er mørkt og kan til tider vera ganske morosamt. Det er historier om dei villaste og stillaste skjebnar. Det handlar om songar. Om musikken i levd liv og om levd liv i musikken. Kari Bremnes er historieforteljar – som ho seier sjølv: songane står i kø inne i hovudet – songar om å reise. Og om å lengte heim. Slik sett historier med klare referansar til Peer Gynt og livsreisa hans.  Musikalske historier frå eit mytisk landskap – nordlandsnatt i Gudbrandsdalsdomen.

Ved Rondane, søndag 3. august kl. 14.00.

Kveldskonsert i Sør-Fron kyrkje, tysdag 5. august kl. 21.00.

Ole Kr. Ruud, musikalsk leiar for Peer Gynt-stemnet, er tilgjengeleg for media på telefon 950 61 864. Kari Bremnes er tilgjengeleg……

Les meir om programmet til Per Gynt-stemnet på www.peergynt.no.   

Knut Kvidaland,
Tlf +47 90978903
Kommunikasjonsjef Peer gynt as                                                 

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line