Bukkerittet til Italia
”Bukkerittet – Cavalcando la renna” er ein moderne og nytolka versjon av Henrik Ibsen sitt meisterverk. Musikken er nyskrivi og inspirert av Edvard Grieg.
Peer Gynts ville reise på bukken nedover den stupbratte fjellsida – er ei reise gjennom visjonar og draumar – gjennom kamp, nederlag og siger. Dansen er hovudelementet i forestillinga med ein kombinasjon av folkemusikk, nycircus/copoeira og breakedance – ei forestilling for gater og torg.
Edvard Mølmen, lærar på Vinstra Vidaregåande skule si medie-linje har også teke turen til Italia. Han har med seg to elever som han er veileder for i forbinding med Høgskulen på Lillehammer. Dei er med for å filme turneen og alle framsyningane. Dette er eit samarbeid med Oppland Fylkeskommune.
Ikkje fortvil om du ikkje har moglegheit til å ta turen til Italia - Bukkerittet kjem snart til ein piazza nær deg! 8. august har forestillinga norsk premiere under Peer Gynt-stemnet, Norges einaste knutepunktfestival innafor scenekunst.
Medverkande:
Hallgrim Hansegård (koreograf og dansar)
Torkjell Leira (capoeira)
Knut Eric Rundereim (breakdance)
Hild Sofie Tafjord (lydkunstnar/programmering)
Unni Løvlid (song)
Rolf Erik Nystrøm (saksofon)
Celio de Carvalho (perkusjon)
Sture Moslåtten (ljosteknikar)
Ingar Hundsgaard (lydteknikar)
For nærare informasjon:
Knut Kvidaland
Tlf +47 90978903
Kommunikasjonsjef Peer gynt as
Dansar og koreograf Hallgrim Hansegård fortel om ideen bak forestillinga:
PEER GYNT - KRIG MELLOM NATUR OG KULTUR?
Som diktarar utforskar ordets natur, som dansarar leitar fram bevegelsens eigenverdi, som målarar jobbar med overflate og animatørar med tid, har også mennesket sine kjernekvalitetar. I 1867 fullførte Henrik Ibsen ei reise i menneskets skapande og destruktive krefter, mellom individualisme og kollektivisme, mellom det intuitive og det intellektuelle, mellom driftene og den frie vilja. Kva er vi, og korleis finn vi dette ut? Held det å klype seg i huden for å vite at ein er i den verkelege verda, eller er eksistensen vår i andres kjærleik like reell? Kan vi heller skapa vår eiga sanning, fjernt frå gjennomsnittets kompromissfulle dogmer? Gjennom menneskets ekstreme natur og kultur geleider Peer Gynt oss fram til domedagen, men svara lyt vi finne sjølv.
Gatedansforestillinga med tittelen "Bukkerittet" oppsøkjer dine eigne omgjevnader, og endrar tids- og romkjensle på piazzaen, rådhusplassen, rånehølet eller kor du måtte vera frå. Veggane på plassen blir gjort om til kinematografisk scenografi, til vertikalt dansegolv og rommet til eit virvlande lydakvarium. Men kva skjer når tre Peer Gyntar inntek rommet? Er det plass til meir enn ein av denne ekspansive sorten? “Bukkerittet” ser på samtidas forbruksmentalitet med mikroskop, og publikum får oppleva eit lite samfunn på tre akrobatiske Peer'ar konsumere seg sjølv. Med utgangspunkt i Henrik Ibsens orgie av ei romskildring; Bukkerittet, går tre av Norges fremste utøvarar innan dei rytmiske sjangrane hallingdans, break dance og capoeira gjennom koreograf Hallgrim Hansegård si støypeskei. Resultatet er ein moderne og ekspressiv fellesnevnar av ei danseform. Teksten er er erstatta med bevegelsar, men rytma og dramatikken heng att, akkompagnert av eit norsk stjernelag med fire improvisasjonsmusikarar.
Hallgrim Hansegård

