Øivind Berghs minnepris til Ragnhild Furebotten
Øyvind Berghs minnepris skal ifølgje statuttane gå til unge, lovande felespelarar, gjerne med røter innan folkemusikken. Det er styret i Landslaget for spelemenn saman med representantar frå familien Bergh og Peer Gynt as som avgjer kven som får prisen, som er på 25.000 kroner. Her er deira grunngjeving:
”Denne etter kvart så prislønna felespelaren reknast i dag blant eliten i norsk folkemusikk og har spesielt lagt vekt på å fortolke og formidle den nordnorske folkemusikken.
Ho kjennar tradisjonen sin godt, og er ein av få felespelarar frå denne landsdelen.
Ragnhild står fram både som soloartist og i spennande samarbeid med andre musikarar og grupper”.
Furebotten er utdanna frå Noregs Musikkhøgskole (2000-2004), og Høgskolen i Telemark(1998-2000). Ragnhild Furebotten har gitt ut fleire plater, i ulike konstellasjonar. Spesielt kan nemnast samarbeidet i Majorstuen som fekk Spellemannprisen 2003 for beste folkemusikkalbum. I 2007 debuterte ho som soloartist med plata Endelig vals, saman med Frode Haltli og Gjermund Larsen. Ragnhild Furebotten var ungkunstnar ved Festspillene i Nord-Norge i 2006, og vart same år tildelt Arvid Hanssen-prisen for unge kunstnarar. Sommaren 2007 skreiv Furebotten bestillingsverket Fot for festivalen Kalottspel.
Ragnhild Furebotten bur i dag i Målselv og arbeider som landsdelsmusikar ved Musikk i Troms og som frilansmusikar.
Øyvind Berghs minnepris blir delt ut under folkemusikkonserten ”Dans med me’, Solveig” på Rudi Gard fredag 8. august.
For nærare informasjon:
Knut Kvidaland
Kommunikasjonssjef/Communication manager
Tel: +47 61 29 47 70
Mob: + 47 908 78 903

