Noregspremieren på ”Bukkerittet” er utsett.
På grunn av ei skade i kneet har Hallgrim Hansegård blitt sjukemeldt. Hansegård er både koreograf og dansar i forstillinga.
- Dei seinare åra har eg som koreograf jobba med å utvikla ein dyrisk danseteknikk. Bukkerittet er den fyrste produksjonen eg nyttar denne teknikken i. Teknikken krev blant anna større leddutslag enn det akrobatar flest har, og enno har vi ikkje fått lært opp potensielle vikarar i denne danseforma, forklarar Hansegård om kvifor ingen hallingdansar kan steppe inn i rolla hans på Vinstra den 8. august.
Bukkerittet har vært på turne i Italia i sommar og skulle ha Noregspremiere 8. august under Peer Gynt-stemnet.
- Vi beklagar denne utsettinga og kjem attende med tidspunkt for ny Noregspremiere seinare, seier kommunikasjonssjef i Peer Gynt as, Knut Kvidaland.
For nærmare informasjon:
Knut Kvidaland
Kommunikasjonssjef
Mobil 90878903

