Leif Ove Andsnes årets Peer Gynt
Eg er veldig glad glad for å motta årets Peer Gynt!” Eg opplever det som ei stor ære, ikkje minst med tanke på lista over tidlegare prisvinnarar. Spesielt gler eg meg til å oppleve Per Gynt-stemnet på Vinstra, som eg har høyrt så mykje flott om over mange år”, seier Andsnes.
I statuttane for utnemninga av årets Peer Gynt heiter det at den som blir vald må vera ein person eller ein institusjon som harmarkert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970. I ein heim der båe foreldra var musikklærarar vart musikken ein naturleg del av oppveksten. Som 15-åring flytta Leif Ove til fastlandet for å studere med Jiri Hlinka ved konservatoriet i Bergen. To år seinare var han solist med Edvard Griegs a-moll konsert på avslutningsgallaen under Festspillene i Bergen.
Andsnes er blant Noregs mest framgangsrike og profilerte musikarar, og har trass sin unge alder ei eventyrleg karriere å syne til. Han har gjort ei rekkjke plateinnspelingar og har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar. I 2005 var han den yngste nokon sinne som Carnegie Hall "Perspectives" artist.
I mai 2002 vart Leif Ove Andsnes utnemnt til kommandør av den Kongelege Sankt Olavs Orden. Andsnes er kunstnarisk leiar fro Risør Kammermusikkfestival, og frå 1. august tiltrer han stillinga som Professor i klaver ved Musikkhøgskolen i Oslo.
Når han ikkje opptrer vendar han ofte attede til Noreg og Bergen, og fjella med utsikt til breen. "Eg elskar fjella. Når eg kjem opp der går pulsen ned, og stress og press blir lagt att. Ein fantastisk stad å lade batteria".
Nominasjonskomiteen for Peer Gynt-prisen består av Marit Breivik (leiar), Jan Egeland, Håkon Gullvåg, Berit Brørby og Gunnar T. Stenseng.
Andsnes er tilgjengeleg for kommentar i dag.
Kontakt formidlast via Kjersti Stenseng.
Festivalsjef Per Gynt-stemnet Leiar av nominasjonskomiteen
Mobil: 900 80 774 Mobil: 905 87 036

