Øivind Berghs minnepris til Eldbjørg Hemsing
Øivind Berghs minnepris skal ifølgje statuttane gå til unge, lovande felespelarar, gjerne med røter innan folkemusikken. Det er styret i Landslaget for spelemenn saman med representantar frå familien Bergh og Peer Gynt as som avgjer kven som får prisen, som er på 25.000 kroner. Her er deira grunngjeving:
”Eldbjørg Hemsing frå Valdres er tildelt Øivind Berghs Minnepris for 2007. Det norske folk har vorte kjent med dette flotte talentet gjennom konsertar og fjernsyn, blant anna i Kjempesjansen på NRK i fjor haust der ho deltok i lag med søstera si, Ragnhild.
17 år gamle Eldbjørg Hemsing er ein merittert fiolinist og har vunne fleire 1. prisar i nasjonale og internasjonale kåringar. Ho har alt rukke å vere solist med fleire profesjonelle orkester her i landet, ute i Europa og i USA. Ho har motteke ei rekkje stipend og prisar, blant anna Talentprisen frå Norsk Kulturskoleråd og Norsk Musikkforleggers Ærespris. Ho byrja å spele fiolin da ho var 5 år. Ho har vore elev av Alf Richard Kraggerud og har dei siste åra studert med Stephan Barratt-Due ved Barratt Dues musikkinstitutt i Oslo.
Eldbjørg spelar også norsk tradisjonsmusikk på hardingfele, og ho har gått i slåttelære hos spelemannen
Øivind Berghs minnepris blir delt ut under folkemusikkonserten ”Dans med me’, Solveig” på Rudi Gard fredag 10. august.
For nærare informasjon:
Bjørn Sletten
Prosjektmedarbeidar Per Gynt-stemnet
Jobb direkte: 61 29 47 82
Mobil: 974 71 997

