Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Årets Vehl-Per, Rasmus Stauri

Rasmus Stauri årets Vehl-Per

6.06.2007
Rasmus Stauri har gjennom ei årrekkje vore ein av dei viktige bidragsytarane til Per Gynt-stemnet. På Seterstemnet kronast innsatsen med Vehl-Per statuetten.

Rasmus Stauri har vore medlem av arrangementskomiteen og vore målberar for den litterære delen av stemnet. Gjennom arbeidet med litteraturseminar og foredrag har han vore med og belyst Ibsens drama og hovudpersonen frå ulikt hald. I tillegg ber han vidare dei lokale segnene om Per Gynt.

Sidan 1996 har Rasmus vore redaktør og medredaktør for Per Gynt-stemnet sitt årsskrift. I forordet til heftet i 1996 skreiv Rasmus følgjande: ”Henrik Ibsen skriv i Peer Gynt: ”Firehundreårsnatten ruget over apekatten”. Og apekatten er sjølvsagt vi nordmenn. Fram til 1984 vart dokumentasjonen av Per Gynt-stemnet sikra gjennom ein delikat trykksak. Men det er ikkje gitt ut hefte dei tolv siste åra. Grunnen til dette er ein økonomisk apekatt!”

Rasmus Stauri har synt eit glødande engasjement for litteraturen – og da særskilt Peer Gynt – og er ein god ambassadør for Per Gynt-stemnet og møtet mellom Per og Peer.

Overrekkinga er lagt til seterstemnet på Skoesetra på Fryvollane søndag 12. august. 

Vehl-Per statuetten, som er Peer Gynt-statuetten i miniformat, blir kvart år delt ut til ein institusjon eller person som gjennom lang tid har markert seg på ein positiv måte i forhold til Per Gynt-stemnet og lagt ned ein stor friviljug innsats. Der den litterære Peer er viljelaus og vik unna, går Vehl-Per tvert igjennom og stiller opp. Det gjeld i aller høgaste for Rasmus Stauri.

Det er stiftelsen Peer Gynt som utnemner Vehl-Per.

For meir informasjon:

Gunnar Tore Stenseng

Leiar i Stiftelsen Peer Gynt

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line