Programslepp, Per Gynt-stemnet 2007
I dag lanserast programmet for det 43. Per Gynt-stemnet. Vi inviterar til 12 dagar med teater, dans, konsertar, kunstutstilling, litteratur og andre kulturopplevingar. Nærare 150 profesjonelle aktørar i samspel med kring 400 lokale aktørar og friviljuge vil setje sitt preg på det mest innhaldsrike Per Gynt-stemnet nokosinne.
Jakta på inspirasjonskjeldene står sentralt under årets stemne, noko som gjenspeglar seg i den 64 sider fyldige trykksaken som i år foreinar vel 40 arrangement til eit rungande ”Hurra for den gyntske ætt!”.
Gudbrandsdalsnaturen og folkekulturen var ei viktig inspirasjonskjelde for Henrik Ibsen i arbeidet med Peer Gynt, og ikkje minst for store delar av komponisten Edvard Grieg sitt virke. Gjennom alle dei større postane på programmet – Peer Gynt ved Gålåvatnet, Ved Rondane, JUV og Peer Gynt-kvelden – går Lyden tå Gudbrandsdalen att som ein raud tråd. Det er og fellesnemnaren for vår nye storsatsing på barn og unge. Lyden tå Gudbrandsdalen er ein samplarworkshop utvikla i samarbeid med komponist og lydkunstnar Bjarne Kvinnsland. Lyden av Gudbrandsdalen skal i støypeskeia – og smeltast om. Slagkraft! er ein rytmisk workshop som sett fokus på slagverk – frå tradisjonsmusikk til perkusjon og rytmisk musikk.
Å skape festivalstemning er målet når vi kvar dag inviterar publikum, gjestar og utøvarar til uformelle møter i Stasjonsparken. Program og artistar blir presentert og diskutert over ein god lunsj. På kveldstid kan vi tilby filmvisning og små konsertar. Vi vonar møta i stasjonsparken kan bli ein arena for gode debattar, oppladning og oppsummering mellom slaga. Eit levande festivalmiljø skapar vi saman.
Velkome til årets Per Gynt-stemne!
Last ned programmet her:
For nærare informasjon:
Festivalsjef Per Gynt-stemnet Prosjektmedarbeidar
Tel: 900 80 774 Tel:974 71 997

