Du er her: peergynt.no > Presse > Pressemeldingar

Stjernelag klare for ny Peer Gynt-satsing

15.10.2008
Trollkoden blir tittelen på Peer Gynt as si nye storsatsing. Frank Kjosås, Ane Dahl Torp, Johannes Joner og Anna Bache-Wiig toppar rollelista i ei spektakulær og spennande forestilling om kampen mellom natur og kultur!

Det er vinter og snø. Peer står flombelyst øvst i halfpipen da han plutseleg hamnar på innsida av fjellet. I møtet med underverda blir allting med eitt snudd opp – ned, når Peer må lære trolla å bli troll på ny....     

Trollkoden er eit moderne eventyr der manusforfattar Petter Rosenlund lar seg inspirere av det underjordiske, av segntradisjon og Henrik Ibsen. Ei fabulering omkring kampen mellom natur og kultur. Mennesket har mange stader tatt over naturen, med lys, lyd, maskiner og motorar. Men naturen har kreftar og evner vi ikkje veit om og forstår. Kva skjer den dagen naturen slår tilbake?

Regissør Erik Ulfsby har nettopp hausta strålande kritikkar for ”Jungelboka” på Det Norske Teatret (terningkast 6 i VG). Nå lovar han spektakulært utandørs teater ved Gålåvatnet:

-Jeg gleder meg til å ta i bruk den flotte scenen på Gålå, der vi skal vise en spektakulær og spennende forestilling for et ungt publikum, seier regissør Erik Ulsby.

-Vi er utruleg stolte over denne satsinga, og syner nå at vi tek eit ansvar i forhold til eit forsømt område: det blir utvikla altfor lite ny scenedramatikk i Noreg – særleg for ei yngre målgruppe, seier leiar for kunstnarisk avdeling i Peer Gynt as, Kjersti Stenseng.

Arbeidet med storsatsinga er godt i gang. Kostymedesignen er snart klar, scenograf Arne Nøst har skissene klare for scena, med handling lagt både over og under bakken (!), medan komponist Atle Halstensen er i ferd med å tonesette trolsk vinterstemning ved Gålåvatnet.

Frank Kjosås spelar hovudrolla, og er spent på korleis publikum tek i mot ein ung Peer ved Gålåvatnet:
- Det skal verta moro å kaste seg inn i verda til ein sagnomsust rolle som Peer er. Han står riktig nok på snøbrett, men han er framleis seg sjølv nok. Verre blir det kanskje med snøbrettet….eg skal øve iallfall, seier Frank Kjosås.

Med ei stjernespekka rolleliste i kombinasjon med lokale aktørar håpar og trur Peer Gynt as at folk vil kjenne si besøkingstid når Trollkoden har premiere Skjærtorsdag, 9. april kl. 22.00 på Friluftsscena ved Gålåvatnet.

For nærare informasjon:
Knut Kvidaland
Kommunikasjonssjef
Peer Gynt as
Tel. +4790778903
knut@peergynt.no

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line