|
Peer Gynt as
Peer Gynt-huset N-2640 Vinstra T: (+47) 61 29 47 70 F: (+47) 61 29 47 71 E:
Utviklet av: InteraktivDesign.no
|
Samarbeidsavtaler![]() Komersiell strategiPeer Gynt as har samarbeidspartnarar frå næringslivet på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Avtalene ligg på ulike nivå. Følgjande hovedstruktur ligger til grunn for det kommersielle arbeidet: 1) Ambassadørane våre har alle rettigheiter knytt til selskapet vårt og til arrangementa våre. Desse aktørane har ei sterk lokal forankring, har gjennom fleire år støtta aktivt opp om Peer Gynt-satsinga, og er involvert i utviklinga av alle aktivitetane i selskapet Peer Gynt as 2) Hovudsamarbeidspartnarane våre er knytt til dei ulike arrangementa våre, og har rettigheitene sine her. Dette er nasjonale og internasjonale aktørar som utfordrer oss og som spelar ei viktig rolle i utviklinga av dei tekniske og organisatoriske løysingane rundt dei kunstneriske opplevingane våre. 3) Øvrige Samarbeidspartnarar er ofte knytt til prosjekt eller til ulike leveranser, og desse varierar i antall og storleik frå år til år. I 2006 har vi desse samarbeidspartnarane 4) Peer Gynt Lauget Med Peer Gynt som felles plattform skal Peer Gynt Lauget væra eit forum for merkevarebygging, læring og utvikling. Naturlege medlemmer av lauget vil væra lokalt og regionalt næringsliv, Peer Gynt as sine ambassadørar og hovudsamarbeidspartnere. 5) Lisensprogram Peer Gynt-namn og symbol er nytta i mange samanhenger for å profilera ulike varer og tenester. Nokon svært suksessfullt, andre med varierande resultat. Peer Gynt as har eit designprogram og ein merkevarestrategi som tillet lisensiering av produkt med Peer Gynt namnet. Foreløpig er det berre Peer Gynt Vin som er på produktlista. Målet vårt er å tilby eit lite men relevant utvalg av produkt som byggjer opp under vår Peer Gynt-satsing. 6) Andre prosjekter
Kontaktinformasjon Sjef for Samarbeidsavtaler, May Brit Støve Mob. 971 83 704 / Tlf. 61 29 47 70
|
|
