20 år ved Gålåvatnet
16.06.2009
Svein Sturla Hungnes kom inn som regissør allereie fyrste året, og har sidan hatt eit fast grep om forestillinga. For verkeleg å streke under at Peer Gynt var døl, vart rolleskikkelsen Peer delvis framført på dølamål. Etter kvart vart heile fyrste akt oversatt til dølamål, ein møysam jobb med Håkon Sveen som ordsmed. I rollebesetninga har vi gjennom dei 20 åra funne dei fremste skuespelarane i landet vårt; i 1989 var det å stå på ei scene utandørs, ei svært krevjande affære, som få av dei etablerte skodespelarane hadde gitt seg i kast med. Like fullt tok Per Tofte, Rut Tellefsen og Lars Andreas Larssen utfordringa på strak arm til tross for vær og kjøleg fjelluft. Men også lokale amatørar hadde sentrale roller, mellom anna Gro Anita Hanssen som Solveig og Reidar Stangenes som Dovregubben. Henry Eggen komponerte og dirigerte musikken som vart framført dei fyrste åra. I 1992 tok Eldar Nilsen over taktstokken, og i det store Griegjubileet i 1993 vart orkesteret utvida. Edvard Griegs Peer Gynt musikk kunne endeleg spelast ved Gålåvatnet.
Har du ei god historie frå Gålåvatnet?
Har du høyrt om den gongen Håkon Sveen, som Fellah i dårekisten skulle henge seg, hoppa ned med reipet rundt halsen, og der under han i strandkanten lå Mari Maurstad med oppbretta stakk og sa; ”slik er det å komme til himmelrik?” Eller visste du at dei fyrste åra låg scenearbeidarane Knut Sveen og Kristen Brendhaugen i telt på scena i lange periodar mens dei jobba. Har du ei historie eller gode bilder frå dei 20 åra ved Gålåvatnet, legg han inn her, eller send dei på e-post til rita@peergynt.no. Da blir du med i trekninga billettar til opningsforestillinga ”Sonar” i Peer Gynt-huset 29. august eller lunsj i Peer Gynt-huset to valfrie dagar under stemnet.



