Peer Gynt for ungar
Laurdag 26. og søndag 27. juni var vi på Miniøya barnefestival i Tøyenparken i Oslo. Der fekk ungane høyre meir om Peer Gynt - og alle som ville det kunne bli sminka til dovretroll! Les meir under siste nytt.
PEER GYNT VED GÅLÅVATNET
Sitat frå familie med ungar på 3 og 5 år som såg Peer Gynt ved Gålåvatnet i 2009:
“Forestillingen var helt utrolig og selv barna satt som tente lys så lenge det varte!! Tusen takk for tilbudet om å passe på minstemann - det var fantastisk snilt. Jeg er likevel glad for at vi vekket ham. Han satt som fjetret, men var aller mest opptatt av den stoooore hvite bilen Peer Gynt hadde i Marokko...;-)! Jeg tror vi alle hadde våre “favorittinntrykk” - for ikke å si flere - så det var virkelig en morsom opplevelse!!”
Gjennom åra har mange ungar hatt sitt fyrste møte med Ibsen på teaterscena ved Gålåvatnet. Sjølv om Peer Gynt-forestillinga ved Gålåvatnet ikkje er laga for barn, foregår handlinga på så mange plan og tempoet og drivet i forteljinga er så stor at også ungane har stor glede av historia om fattiggutten som fantaserer seg gjennom livet.
Henrik Ibsens “Peer Gynt” med Edvard Griegs musikk, med Dennis Storhøi som Peer Gynt, Ellen Horn som Mor Åse og nær 100 aktørar på scena. Les meir her >>
Billett: kr. 570,-/240,-
SMÅTROLL PÅ TULLETUR
- rebus og leikeløype- frå arenaen ved Gålåvatnet
Gjennom hendingar og tablåer frå Peer Gynt, blir ungane aktivisert i denne elleville rebus- og leikeløypa. Les meir her >>
Billett: kr. 120,-/65,-
TULLE, TEIKNE OG KLE SEG UT
- leikestund på Peer Gynt Huset
Skap deg om, teikn deg eit eventyr eller berre tull og tøys med barnevertane våre. Berre fantasien set grenser når Rune Reksten, Charlotte Frogner og Ellen Horn opner døra for ungane på Peer Gynt Huset. Les meir her >>
EVENTYR OG SKREMMETUR
- eventyrleg skremmetur for ungar - med oppmøte på Peer Gynt Huset
Eventyroppleving og frydefull tur til det gamle bygdatunet. Med Ellen Horn, Charlotte Frogner og Rune Reksten. Les meir her >>
"Peer Gynt-stemnet for små og store" - pdf
"Peer på tur med ungane" - GD 21.06.10



