Du er her: peergynt.no > Stemnet > Peer Gynt ved Gålåvatnet
Anitras Lounge – marokkansk matoppleving ved Gålåvatnet

Anitras Lounge – marokkansk matoppleving ved Gålåvatnet

Peer Gynt traff den forførariske beduindottera Anitra utanfor eit telt i Marokko, og i ørkenens hete utbryt han: ”Det dølske blod er jo kongelig nesten – arabisk krysning vil gjøre resten”.

Vi gjer Peer Gynt sine ord til våre, og inviterar til gode matopplevingar i eit marokkansk telt ved Gålåvatnet - midt i den norske fjellheimen. Anitras Lounge er ope for alle - både dei som skal sjå teaterforestillinga og dei som berre vil ha ei eksotisk matoppleving.

Kl. 17:00: Marokkansk middag
Vi rullar opp teltdøra, tar lokket av tajinane og fyller teltet med eksotisk luft og smak. Det blir servert 3-rettars middag. Vi startar middagen med fem ulike smakar/forrettar, hovudretten er kylling-tagine servert med ovnstekte potetar og til dessert får vi ein frisk appelsinsalat. Middagen avsluttast på tradisjonelt marokkansk vis med myntete og dadlar med valnøtt, akkompagnert av "På scenekanten" - ein introduksjon til teateret. Bestill billettar til middagen i Anitras Lounge her.

Kl. 21.00 (pausa): Sal av varmande mynte-te og harira-suppe.

Kl. 22.30: Nattmat, varm harira-suppe
Etter teaterforestillinga er det klart for nachspiel i vårt oppvarma, marokkanske telt. Her kan alle treffast i uformelle rammer og nyte marokkansk harira-suppe. Det er gratis inngang, og dei som ønskjer det kan kjøpe Harira-suppe. Eit godt alternativ til å sitte i bilen og vente på å komme ut frå parkeringsplassen!

Gjer som Peer Gynt, og lat deg friste av Anitra i eit autentisk marrokansk miljø ved Gålåvatnet. Her Anitra (Charlotte Frogner) frå Peer Gynt ved Gålåvatnet (Foto: Jørgen Skaug)
Hassan frå Marokko treffes i Anitras Restaurant ved Gålåvatnet! (Foto: Bård Gundersen)
Nyt eksotiske smakar i autentisk marokkansk miljø. Her forrettane; fire ulike marokkanske salatar.
Ei eksotisk oase i den norske fjellheimen! Middag i Anitras Restaurant er ei perfekt oppladning til ein heilaften ved Gålåvatnet.
Foto: Edvard Mølmen
Alt interiør er spesiallaga for Anitras Restaurant i Marokko.
Praktisk informasjon

TID:
28., 29., 30. og 31. juli. 4., 5., 6. og 7. august 2010

STAD:
Ved Friluftsscena ved Gålåvatnet

PRIS:
3-retters midag: 490,- (v) / 250,- (b)
Mynte-te: 20,-
Harira-suppe: 120,-

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line