Peer Gynt ved Gålåvatnet
Regi: Svein Sturla Hungnes
Peer Gynt: Dennis Storhøi
Les anmelding av Peer Gynt ved Gålåvatnet 2011 i GD her
Sjå video frå Peer Gynt ved Gålåvatnet i 2010 her
Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt vart skrivi i Italia i 1867. I oversendelsesbrevet til sin forlegger i København skreiv han: ”viss det kan interessere Dem at vite så er Peer Gynt en virkelig person der har levet i Gudbrandsdalen, rimeligvis på slutten av forrige eller begynnelsen av dette århundrede. Hans navn er endu godt kjent blant almuen der oppe”.
Personen Ibsen sikta til er i den lokale forteljartradisjonen knytt til Nordgard Hågå i Sødorp på Vinstra. Opp gjennom åra har både Per Olson Hage (1732-1785) og Per Laurissen Hage, som levde på garden på 1600-talet, vore rekna som dei mest aktuelle modellane for Ibsen. Om det var den ein eller den andre er mindre viktig. For å seie som Peer; "hvem fanden henger seg i slikt?". Gudbrandsdalen fostra den historiske Per Gynt som lev vidare i Gudbrandsdalskulturen. Henrik Ibsens litterære Peer Gynt er kjend verda over.
Ibsens Peer Gynt med Edvard Griegs musikk hadde urpremieer på Christiania Theater 24.februar 1876. At Peer Gynt har vorte ein av dei største triumfane i norsk teater gjennom tidene, og samtidig ein internasjonal verdssuksess, er eit bevis på at samarbeidet mellom dei to gigantane i norsk kulturliv var eit lykketreff.
Med Gudbrandsdalsnaturen som kulisse, og med Edvard Griegs scenemusikk, er utandørsforestillinga Peer Gynt ved Gålåvatnet det næraste du kjem Henrik Ibsens originale Peer Gynt.
Som Sturle Scholz Nærø / Aftenposten skreiv etter å ein sommerskveld ved Gålåvatnet ha sett Åse døy i solnedgangen, medan tordenveret rulla under Peers møte med Knappestøyparen; "Ingen kan lenger kalle seg norsk uten å ha sett og hørt denne sensasjonen".
PEER GYNT VED GÅLÅVATNET
1., 2., 3., 4., 9., 10. og 11. august kl. 19.30
(Nummerert amfi. 3 felt, 3 priskategoriar. Interaktivt salkart - vel plass sjølv!)
Pris: kr. 355 - 650,- / kr. 155-240 (barn)
Rabatterte billettar for A-kort innehavere, DNT-medlemmar og grupper.
"Døla-billett" 1. august: I samarbeid med Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal får alle hytteinnbyggere og innbyggere i Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron rabatt på billettar til Peer Gynt-forestillinga onsdag 1. august.
Grupper, hotell og turoperatører: ta kontakt på tel. 959 00 770 / lars.thomas@peergynt.no for programforslag, prisar og betingelser.


