Seterstemnet
SETERSTEMNET
Ta turen til Brandvoldsetra på Sødorpfjellet og opplev smaken av det ekte.
I år hoppar vi i tidsmaskina og spolar tida tilbake til 1850. Tida da historiene om den lokale Per var kvardagskost, og både Grieg og Ibsen vandra gjennom dalen og vart inspirert og fascinert av kulturen, naturen og historiene.
Hesten med plogen, buskspel i lyngen, budeia som ystar ost, spelemenn med lyarslåttar og den gode historia. Gamle tradisjonar, og kanskje treff vi også Per? Dagen er også ein hyllest til årets Vehl-Per vinnar. Prisen blir delt under arrangementet.
Bli med attende til tida da historiene om den lokale Per var kvardagskost, da Grieg og Ibsen vandra gjennom dalen og vart inspirert av kulturen, naturen og historiene.
Programleder: Håkon Sveen
- Utstillinger, dyr, foredrag og forteljinger
- Peer-lokk
- Trekkspel- og felemusikk
- Aktivitetar for familien
- Vehl-Per-utdeling til prisvinnar Kjersti Baardvik
- Salg av kaffe og bite ti
Etter stemnet anbefaler vi eit besøk på Sulseter Fjellstugu, kor det er mogleg å få kjøpt mat og sjå utstillinga frå Husflidslaget.
TID: 14. august kl. 12.00
STAD: Brandvoldsetra på Sødorpfjellet
PRIS: 100,- / gratis for barn under 16 år
BILLETT: www.peergynt.no / tlf. 95 90 07 70 / Ved inngang
Medverkande: Fron Jeger og Fisk, Sulseter Rideleir, Laugen Bueskytterklubb, Fron Ride- og
kjøreklubb, Alf Orkelbog med våpenutstilling, Bondelaget, Vinstra målar- klubb, Hemlågå,
Sulseter Fjellstugu, Fron Husflidslag og Peer Gynt Teaterlag. Syndag 14.august avsluttast Peer Gynt-stemnet med Seterstemnet - kanskje det mest tradisjonsrike arrangementet av alle.
Sjå PDF her.
Den Gyntske Ætt
Peer Gynt-stemnet har gjennom mange år vore springbrett for oppveksande lokale talent. Vi inviterar difor til forestilling med talent frå dalens kulturskular i skjønn foreining med elevar frå musikk- og danselinja ved Vinstra vidaregåande skule.
TID: 10.august kl 16.00
STAD: Inntunet, Vinstra vidaregåande skule
BILLETT: kr. 100,- / kr. 50,- (under 16 år).
Peer Gynt-løpet
Ski- og friidrettsgruppa i Sør-Fron IL arrangerer historias fyrste Peer Gynt-løp på Gålå.
Barne-, ungdoms- og vaksenløp på henholdsvis 2, 7, 15 og 30 km.
PÅMELDING: www.sorfronski.no
TID: 11.august kl 11.00
OPPMØTE: Skistugua på Gålå

