Du er her: peergynt.no > Stemnet > PeerGynt-stemnet 2011 > Opningsforestilling med utdeling av Peer Gynt-prisen
Opningsforestilling med utdeling av Peer Gynt-prisen
(Foto: Arne Hernæs)

Opningsforestilling

Med Gudbrandsdalsnaturen som kulisse, markerer Opningsforestillinga på Friluftscena ved Gålåvatnet starten for Peer Gynt-stemnet 2011. På scena står sentrale aktørar som saman vil vise publikum smakebitar på kva årets stemne har å by på, samt hylle Magnus Carlsen - årets Peer Gynt.

Med m.a. Dennis Storhøi, Arve Tellefsen, Ingeborg Schübeler Gillebo og dansarar frå STUP . Offisiell opning av Peer Gynt-stemnet 2011 ved Anniken Huitfeldt, og Stortingsrepresentant Henning Warloe (Høgre) delar ut årets Peer Gynt pris til Magnus Carlsen.

Årets Peer Gynt
Stortingsrepresentantane har valt Magnus Carlsen til årets Peer Gynt 2011. Carlsen mottek prisen for sin eineståande innsats i Noreg og utanfor landets grenser.

Da Magnus Carlsen byrja å spele sjakk som femåring, sette han seg som mål å slå  syster og far sin. 16 år etter er han som tidenes yngste rangert som verdas beste sjakkspelar, og har spelt ei essensiell rolle i å gi sporten eit nytt og ungt image.

Magnus Carlsen er den 41. og tidenes yngste Peer Gynt-vinnar. 

Last ned PDF om forestillinga.

Magnus Carlsen er Årets Peer Gynt 2011
På Opningsforestillinga ved Gålåvatnet 3. august kl. 16, får du smakebitar frå årets stemne, og årets Peer Gynt Magnus Carlsen får overrekt Peer Gynt-prisen.
Ingeborg Schübeler Gillebo er med i Opningsforestillinga. (Fotograf Katrine)
Dennis Storhøi (Peer Gynt) og Ellen Horn (Mor Åse) framfører scene frå Peer Gynt ved Gålåvatnet på Opningsforesillinga.
Arve Tellefsen er blant artistane på Opningsforestillinga.
Praktisk informasjon

TID:
3. august 2011, kl. 16.00

STAD:
Friluftsscena ved Gålåvatnet

PRIS:
Gratis inngang

________________________

MATSAL ETTER OPNINGSFORESTILLINGA:

ANITRAS RESTAURANT
- marokkansk matoppleving ved amfiet ved Gålåvatnet. Middag kl. 17.00.

LOKAL MAT
- sal av lokal mat ved amfiet frå kl. 17.00

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line