Ope stemnekontor
Stemnekontoret på Peer Gynt Huset er ope kvar dag under stemnet frå kl 08.30 - 18.00. Her kan du få svar på spørsmål, kjøpe billettar, og møte bygdafolk, stemnefolk, frivillige og gjestar. Kaffe med noko attåt til salgs.
Velkomé til Peer Gynt Huset - Peer Gynt-stemnet sitt møtepunkt!
Kunstutstilling
Kielland og Berg si tolkning av Peer Gynt befinn seg i eit møte mellom det eventyrlege og det fabulerande, og det mørke og eksistensielle i forteljinga.
Gabrielle Kielland er utdanna ved S.H.K.S i Oslo i åra 1962-66. Ho har hatt over 70 speparatutstillinger sidan
1979. Kielland er representert i mange kunstsamlinger, blant anna Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri og
Statoil. Ho er kjent for sine billedtolkninger av litterære tema ; Amalie Skam og Sigrid Undset.
Nikolai Berg utdanna seg ved Strykejernet Maleskole frå 1988-89, og har i ei årekkje jobba som verksmester
på Grafisk Stentrykk i Oslo. Berg har vore aktuell med ei rekkje utstillinger over heile landet, mellom anna på Kunstverket Galleri, Nicolines Hus og Galleri Briskeby. Berg mottok også Rolf Daldorfs Legat i 2005
- Å jobbe med Peer Gynt passar meg utmerket, seier Gabrielle Kielland til GD. Kielland og Berg, som forøvrig er mor og son, har tidlegare sett Peer Gynt ved Gålåvatnet, men har likevel god kjennskap til Ibsens drama.
- Bildene vil handle om alt frå det fabulerande og sinnsjuke Peer Gynt foretek seg, til dei store linja i stykket. Bildene skal gjenspeile stadene i Ibsens Peer, seier Nikolai Berg til GD.
Les intervju med årets Peer Gynt-kunstnarar i lokalavisa Dølen her.
Offisiell opning av utstillinga torsdag 4. august kl. 12.00 ved Janne Langås, teatersjef i Teater Innlandet. .
TID: 4.aug - 13.aug. Kvar dag kl. 11.00 - 18.00 (obs: ope kun til kl. 16.00 laurdag 6.august).
STAD: Peer Gynt Huset
INNGANG: Kr. 40,-.
Last ned invitasjon til kunstutstillinga her.
Eventyr og skremmetur
Turen for den yngre garde går frå Peer Gynt Hust og til Bygdatunet. På Bygdatunet blir det historieforteljing og møte med historiske skikkelser. Ulike aktørar kvar dag.
TID: 4., 5., 6., 11., 12. og 13.august kl 12.00
OPPMØTE: Peer Gynt Huset
BILLETT: kr. 65,-
Last ned PDF om "Eventyr og skremmetur".
Litteraturforedrag med Inge Eidsvåg
Forfattaren og tidlegare rektor på Nansenskolen Inge Eidsvåg gir årets litteraturforedrag:
”Beskik dit hus!” – eit møte mellom den gamle Peer Gynt – og oss sjølv.
Inge Eidsvåg
er forfattar og lektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Han er utdanna cand.philol. ved Universitet i Trondheim med hovudfag i historie. Han har arbeida som lærar i grunnskulen og gymnaset. I perioden 1986–98 var han rektor ved Nansenskolen, kor han både tidligare og etter tida som rektor har arbeida som lektor. Eidsvåg sine tekster ligg ofte i grenselandet mellom essay, kåseri og memoarer. Han har gjennom ein mannsalder vore ein flittig brukt kåsør i NRK radio (kjelde: Wikipedia)
TID: 11. august kl. 14.00
STAD: Peer Gynt Huset
BILLETT: kr. 100,-
Last ned PDF om litteraturforedraget.
Tankesmia
Vi byr på sentrale skikkelser sine tankar rundt Per, Peer og aktuelle tema rundt lunsjtider.
På plakaten:
5.august: Hanne Krogh (avlyst)
6.august: Helge Stormorken
11.august: Per Ottesen
12.august: Carl Henrik Grøndahl
13.august: Erik Edvardsen og Håkon Sveen
Alle dagar kl. 13.00
Gratis inngang.

