Morten Krogvold møter Svein Sturla Hungnes "Ansikt til ansikt"
Årets Peer Gynt-kunstnar 2009 er fotografen Morten Krogvold. Krogvold er kjent for det store publikum gjennom tv-serien ”Ansikt til ansikt” der han møter kjente og kjære nordmenn til portrettfotografering og intervju. Han er elles kjent for si store entusiasme og for sine evner til å formidle fotografiet som kunstnarleg uttrykk.
PEER GYNT-HUSET LAURDAG 1. AUGUST
Kl. 11.00: OPNING - FOTOUTSTILLING AV MORTEN KROGVOLD
Medverkande: Silvia Moi (sopran) , Elsine Haugstad (klaver) og Morten Krogvold.
Svein Olav Hoff (dir. Lillehammer Kunstmuseum) opnar utstillinga.
Dugurd - Sal av mat frå vårt dugurdsbord
Kl. 12.00: ANSIKT TIL ANSIKT - MORTEN KROGVOLD MØTER SVEIN STURLA HUNGNES
Ei markering av 20. årsjubileet for Peer Gynt ved Gålåvatnet. Fotograf Morten Krogvold har hatt stor suksess med tv-serien ”Ansikt til ansikt” på NRK. I år er han Peer Gynt-kunstnar og vil gjera det same konseptet live under Peer Gynt-stemnet. Krogvold si metode er samtalen. Han søkjer etter engasjementet hos sine fotoobjekt og trykkar på utløysarknappen. Augeblikket "frysast" og dannar unike portrett av personlegdomar dei aller fleste har eit forhold til. Sentrale tema er engasjement, livet, døden, tvil, tru, angst og begeistring. Og ikkje minst, kulturen vi lever i.
Begrensa antal plassar på "Ansikt til ansikt"– forhåndskjøp av billettar anbefalast. Bestill billett her.

