Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Nils Arne Eggen, Atle Nielsen og Håkon Sveen inviterer til gyntsk talkshow torsdag 6. august kl. 20.00

Gyntsk talkshow m/Atle Nielsen, Nils Arne Eggen og Håkon Sveen 6/8

5.08.2009
PEER GYNT-HUSET, TORSDAG 6. AUGUST KL. 20.00:
Peer Gynt – på godfot med omverda?

Dårekisten er eit Gyntsk talkshow. Ein fristad for tanke og tale – og sjølvsagt er temaet Peer Gynt. Ole Gunnar Solskjær er årets Peer Gynt, og i forhold til samhandling og det å spele kvarandre gode, er han Peer Gynt sin rake motsetnad. Med utgangspunkt i Ibsens drama Peer Gynt, debatterast lagspel, samhandling og fotball over ein halvliter.

Gjestar i Dårekisten er mellom andre tidlegare Rosenborg-trenar og samhandlingsspesialist Nils Arne Eggen, og humorist og fotballidiot Håkon Sveen. Ordstyrar er kåsør og humorist Atle Nielsen, kjent for sine humoristiske skråblikk på den gang "før i tida" da somrane var lengre, auren større og platene finare. Nielsen har og skrivi bøker om både Brann og Rosenborg.

Musikalsk tonefølgje frå Bjerkebanen, som byr på ei sprelsk blanding av folkrock og punk, mens tekstene tar tak i den stolte norske folkesjela, røsker litt i den, og legger den frå seg, rista og rørt. Bjerkebanen kommenterer det norske så vel som det meir universelle - alt sett gjennom ‘sportsbriller’.

Torsdag 6. august kl. 20.00 i Peer Gynt-huset. Kjøp billett her.

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line