Bli med å nominere Årets Peer Gynt 2010
Ibsens Peer er ein omsynslaus kapitalist og slavehandlar. Han lar alt og alle i stikken. Han vik unna alt sårt og kvast, valsar gjennom livet utan omsyn til noko – og trampar jordas gras til ingen nytte. Peer Gynt-prisen representerer altså alt det Peer ikkje er.
I 2009 vart Ole Gunnar Solskjær valt til Årets Peer Gynt. Han fekk prisen for sin mangeårige innsats i fotballverda, samt for sitt store samfunnsengasjement nasjonalt og internasjonalt.
Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane, etter initiativ frå den første vinnaren, som har valt årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomité nominerar tre kanididatar ut frå innkomne forslag.
For perioden 2007 – 2010 er det oppnemnt slik nominasjonskomité:
· Marit Breivik (leiar)
· Jan Egeland
· Berit Brørby
· Håkon Gullvåg
· Gunnar T. Stenseng (rep. frå stiftelsen Peer Gynt)
Medlemmane av komiteen representerer ulike fagfelt, slik at vurderinga blir så brei og balansert som råd.
NO KAN DU SENDE INN FORSLAG TIL KVEN SOM SKAL BLI ÅRETS PEER GYNT I 2010 TIL NOMINASJONSKOMITEEN!
Forslag med ei begrunning kan du sende til innan 1. desember 2009.
Sjå kven som har vorte kåra til Årets Peer Gynt sidan starten i 1971 her

