Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Velkome til Peer Gynt-huset fredag 6. nov. frå kl. 19.00!

Ope Peer Gynt-hus fredag 6. november frå kl. 19

30.10.2009
Kva seier du til ein uformell kveld der du kan høre lett musikk, lære litt meir om Peer Gynt og ikkje minst møte andre Peer Gynt-venner? Velkome til Peer Gynt-huset FREDAG 6. NOV. FRÅ KL. 19!

Her er litt av det som skjer:
Vi opner døra kl. 19.00, sal av forfriskningar.

Frå kl. 20.00 blir det;
- musikkinnslag
- møt Christian Lo, regissør av den aktuelle filmen Bestevenner
- "Det store kjærlighetssviket" - kåseri med lyd og bilder ved Carl Henrik Grøndahl: "Det store kjærlighetssviket - om Henrik Ibsen og kvinner som hevner seg". Vi blir presentert for kutt frå NRK Radioteatrets Ibsen-produksjonar, som syner at Ibsens kvinner ikkje er lette å handsame. Dei tek hardt på menn som ikkje strekk til… (les meir om kåseriet lenger ned)

Vidare utover kvelden blir det ope hus med lett musikk, lokal quiz og tullprat oss imellom :) Dei som har vore på Vinstra-revyen er velkome innom oss på nachspiel!

Inngang kr. 80,- (gratis etter kl. 21.30). Billettsal i døra.

Litt om dei medverkande:

CHRISTIAN LO frå Vinstra har i desse dager premiere på sin langfilmdebut - han har regissert filmen "Bestevenner".  Sjølv om dette er Lo sin fyrste spelefilm, er det ikkje hass fyrste barnefilm. Tidlegare har han regissert prisbelønte kortfilmar som Punktert (2001), Iver (2004), Ramp (2005) og Baluba Runa (2007).

CARL HENRIK GRØNDAHL er redaksjonsleiar i Radioteatret. Der har han vore med på arbeidet med fleire Ibsen-produksjonar. Han er også redaktør i tidsskriftet Dyade, som har hatt spesialnumre om Radioteatrets Peer Gynt- og Brand-produksjoner. Carl Henrik er ein trufast Peer Gynt-venn, og kvart år under Peer Gynt-stemnet har han eit kåseri på Veidarvon.
Vi er glade for at vi no kan vi oppleve eit av hans kåseri i Peer Gynt-huset, og temaet i kveld er
"Det store kjærlighetssviket - om Henrik Ibsen og kvinner som hevner seg"
Det kan vel trygt seiast at Peer ikkje har noko lett forhold til kvinner. Mora herjar med han, han herjar med Ingrid, den Grønkledde er kvinna på vranga, og han får Solveig til å svike seg sjølv. Hos Henrik Ibsen er det alltid mykje kjønnskamp. I dette kåseriet blir vi presentert for kutt frå NRK Radioteatrets Ibsen-produksjonar, som syner at kvinnene hans ikkje er lette å handsame. Dei tek hardt på menn som ikkje strekk til…

Velkome til ein uformell og triveleg kveld i Peer Gynt-huset!

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line