Ope Peer Gynt Hus 23/1: Sigmund Kveli møter Mikkel Dobloug i sofaen, og plateslepp med Arild Skar
Døra og baren opnar kl. 20.00, og ca. kl. 21.00 tek Mikkel Dobloug plass i sofaen hos Sigmund Kveli. Bli betre kjent med eigar og vert på Per Gynt-Gården og lokalpolitikaren som vart fødd i New York og oppvaksen på Oslo vest før han slo rot i Gudbrandsdalen. Dette er eit samarbeid med lokalavisa Dølen, som torsdagen i forvegen vil portrettere Mikkel Dobloug i Dølen.
Deretter blir det plateslepp og konsert: Arild Skar speler for fyrste gong frå sin nye CD "Langs Laugen".
Arild har satt saman eit sterkt lag til å framføre musikken:
Arild Skar (vokal, gitar), Morten Kvaal (gitarer), Vegard Moshagen (keyboard, trekkspill), Tormod Myrvang (bass, kor) og Svein Ivar Sæter (trommer).
"Befriande og kunne setja på ei ekte dølaplåte med klang i målet. I utgangspunktet trudde eg dette var ei hurramegrundtskive som ein vart lei av etter å ha høyrt den ein gong. Da tok eg skammeleg feil. Plåta har surra jamnt og trutt i fleire døgn. Her er undrande viser i rolege drag, men også rocka drag i beste Åge-stil. Denne utgjevinga fortener honnør og ein aldri så liten kulturpris." skreiv Kjetil Sandviken i GD i si omtale av "Langs Laugen", og ga terningkast 5.
Det blir ope Peer Gynt Hus med ope bar fram til kl. 01.00, og vi håper mange tek turen innom!
Inngang: kr. 150,-



