Din nettleser støtter ikke flash versjon 7.

Siste versjon av flash kan lastes ned her >>

Norsk English
KJØP BILLETTAR
Peer Gynt-huset
N-2640 Vinstra
T: +47 61 29 47 70
F: +47 61 29 47 71
E: post@peergynt.no
www.peergynt.no

Siste nytt / Latest news

Carlsen, Kyrkjebø og Dissimilis nominert til Årets Peer Gynt 2010

Magnus Carlsen, Dissimilis og Sissel Kyrkjebø er dei tre nominerte til Årets Peer Gynt 2010. Det er Stortingsrepresentantene som avgjer kven får prisen, som blir overrekt under Peer Gynt-stemnet på Vinstra.

Heidersprisen - Årets Peer Gynt vart stifta av Per Gynt-stemnet i 1971, med Einar Gerhardsen som fyrste prisvinnar.  Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane som har valt Årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomite, leia av Marit Breivik, har etter gitte kriterium nominert tre kandidatar til prisen. Desse oversendast til stortingsrepresentantane for avstemming.

Dei nominerte er:
 

 

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen (1990) er tidenes yngste verdsmeister i sjakk, idet han gjekk til topps i verdsmeister skapet i lynsjakk i 2009 i Moskva. Han er plassert som nr.1 på versrankinga til FIDE. Carlsen har i lengre tid vore den høgast rangerte sjakkspelaren i den vestlege verda, og har sidan 2006 vore Nordens sterkaste sjakkspelar.

Magnus Carlsen vart internasjonal meister allereie i 2003 og stormeister i 2004 berre 13 år gamal og den yngste i verda på det tidspunktet.

 

Dissimilis

Dissimilis (1987). Kai Zahl ville realisere sin psykisk utviklingshemma sons drøm om å spele i band, og utvikla eit fargenotesystem som gjorde det mogleg for sonen og hans vener å spele. Bandet vakte stor oppsikt. I 1987 heldt Dissimilis konserten ”Dissimilis - en annerledes musikal” i konserthuset, med fleire utselde forestillingar. Dissimilis har i dag over 80 medlemsgrupper i Noreg og har vokse seg store og internasjonalt med deltaking i 14 land og 10 000 medlemmer. Spesielt på Cuba er Dissimilis-metoda utbreidd. Dissimilis har bedra livskvaliteten og livsgleda til mange psykisk utviklingshemma nasjonalt og internasjonalt, og har bidrege til å ivareta menneskerettigheitar verda over.

 

 

Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø (1969) er kjent for ei rekke plateutgivingar og opptredenar sidan midten av 80-talet. Ho har ei bredde i sjanger og musikk som favnar dei fleste aldersgrupper og musikktradisjonar. Kyrkjebø har hatt flere internasjonale turnear, sunge saman med mange verdsberømte songarar og musikere og helde konsertar på mange av dei store scenene både i Europa, Asia og USA. Ho vart Årets Spellemann under utdelinga av Spellemannsprisen i 1986, og i 2006 vart ho Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Heilt frå starten har Sissel Kyrkjebø teke vare på den norske og skandinaviske songtradisjonen på den internasjonale arenaen. 

Magnus Carlsen, Sissel Kyrkjebø og Dissimilis er dei nominerte til Årets Peer Gynt 2010.
Magnus Carlsen, Sissel Kyrkjebø og Dissimilis er dei nominerte til Årets Peer Gynt 2010.
Sponsorer
Idé / design: Grønt Gress www.grontgress.no  | Foto: Peer Gynt AS
AF-gruppen Aftenposten Wilhelmsen Maritime Services Gudbrandsdal Energi SpareBank 1 Gudbrandsdal
 
SISTE NYTT
Dissimilis valt til årets Peer Gynt 2010 Les meir...
Hemsing-systrene til konserten Ved Rondane Les meir...
Kjøp billettar til Peer Gynt-stemnet her Les meir...