Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Hemsing-systrene gleder seg til å spele på høgfjellskonserten Ved Rondane. Saman, og med naturen som konsertarena. (Foto: Tomm Hansen)

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing til konserten Ved Rondane

25.02.2010
Dei speler ikkje så ofte saman lenger. Og dei speler stort sett innandørs. Under Peer Gynt-stemnets klassiske høgfjellskonsert Ved Rondane står systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing – saman og utandørs – på Rondane Høgfjellsscene, nær 1000 m.o.h. med Rondane som kulissar.

Høgfjellskonserten Ved Rondane er ein av dei faste programpostane under Peer Gynt-stemnet. Hemsing-systrene som gler seg stort til konserten:

- Høgfjellskonserten Ved Rondane er ein anerkjent klassisk konsert, og det er ei ære for oss å få spele på konserten. Vi speler ikkje mykje saman lenger, og vi speler nesten aldri utandørs, så vi gleder oss til å spele saman med naturen som konsertarena, seier Ragnhild Hemsing.

Hemsing-systrene består av Eldbjørg (f. 1990) og Ragnhild (f. 1988) frå Valdres. Dei har som 1. prisvinnarar i både nasjonale og internasjonale konkurransar og gjennom TV- og konsert-opptredenar, gjort seg bemerka i norsk musikkliv. Dei har saman og kvar for seg hatt store solistoppdrag med profesjonelle orkestre både i Noreg og i utlandet. Både Eldbjørg og Ragnhild Hemsing har fått tildelt kvar sin Øivind Berghs minnepris under tidlegare Peer Gynt-stemne.

Årets konferansier på konserten er Ellen Horn, som og speler Mor Åse i Peer Gynt ved Gålåvatnet.

Høgfjellskonserten Ved Rondane
Rondane Høgfjellsscene, søndag 1. august 2010 kl 14.00
(introduksjon kl. 12.30)

Bestill billettar til konserten Ved Rondane her

Les omtale i GD

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line