Dissimilis valt til årets Peer Gynt 2010
Dissimilis starta som eit lite band i Noreg. Det var Kai Zahl som starta dette fordi han ville at hans psykisk utviklingshemma son skulle få realisere sin draum om å spele i band. I dag har Dissimilis over 80 medlemsgrupper i landet og dei har 10 000 medlemmer i 14 ulike land.
- Dissimilis har bedra livskvaliteten og livsgleda til mange psykisk utviklingshemma nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet som er gjort gjennom Dissimilis har vore med på å ivareta menneskerettar verda over, noko som gjer dei til verdige vinnarar av Peer Gynt prisen, seier administrerande direktør Eli Blakstad i Peer Gynt as.
Dissimilis blir den 40. Peer Gynt vinnar, og valet vart godt mottatt:
- Det er moro å vinne. Det er et teikn på at arbeidet vi har lagt ned blir verdsatt, det betyr at vi har ein verdi og klarer å nå gjennom. Det er mange som har bidratt til å synleggjera målgruppa og mangfaldet, seier dagleg leiar i DIssimilis Mathias Eckoff til NRK.no.
- Vi har feira med rødbrus i stetteglas, seier Disimilisgründar Kai Zahl til VG.no
Leiar for nominasjonskomiteen Marit Breivik er svært imponert over det Dissimilis har oppnådd.
– Dei har gjort eit fantastisk arbeid i Norge i mange år, og dei har bidratt til at mange psykisk utviklingshemma ungdom har fått ein betre kvardag, seier Breivik til TV 2 Nyhetskanalen.
Peer Gynt-prisen vil bli overrekt til Disimillis på Peer Gynt-stemnet si opningsforestilling på Friluftsscena ved Gålåvatnet onsdag 28. juli kl. 15.00. På opningsforestillinga vil det og bli ein presentasjon av mangfoldet i åres Peer Gynt-stemne. Forestillinga er gratis og ope for alle.
Registrer deg her for å få tilsendt siste nytt frå Peer Gynt-stemnet!
Heidersprisen - Årets Peer Gynt vart stifta av Per Gynt-stemnet i 1971, med Einar Gerhardsen som fyrste prisvinnar. Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane som har valt Årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomité nominerar etter gitte kriteria tre kandidatar til prisen. Desse oversendast til stortingsrepresentantane for avstemming. Sjå liste over dei som har vorte valt til Årets Peer Gynt tidlegare år her.



