Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

- Ulekleiv har gjennom en årrekke vært en av de viktigste bidragsyterne til Peer Gynt stemnet og satsingen med Peer Gynt. Det sier leder i Stiftelsen Peer Gynt, Gunnar T. Stenseng. (Foto: Kristin Veskje/GD)

Bjørn Ulekleiv er årets Vehl-Per

6.04.2010
Bjørn Ulekleiv har gjennom ei årrekkje vore ein av dei viktigaste bidragsytarane til Peer Gynt-stemnet og Peer Gynt-satsinga. Det er derfor ei stor glede å tildele han Vehl-Per statuetten under årets Peer Gynt-stemne.

Bjørn Ulekleiv har eit sterkt engasjement for Peer-Gynt utviklinga i Gudbrandsdalen, og har utført mange sentrale oppgåver. Han er ein ivrig amatørskuespiller, og har hatt fleire roller i framsyninga av Henrik Ibsens Peer Gynt ved Gålåvatnet. Han har også vore lokal produksjonsleder for Peer Gynt ved Gålåvatnet, og har vore ein viktig ressurs i tilrettelegging og gjennomføring av produksjonen. 
Bjørn var og sentral som produksjonsleder i oppsetningane i New York og Seoul. 

Bjørn har vore styremedlem i Peer Gynt as, leder i Per Gynt Teaterlag og sitt nå i styret i Stiftelsen Peer Gynt som valt frivillig representant. 

Overrekkinga er lagt til avslutninga av Peer Gynt-stemnet søndag 8.august under Seterstemnet på Sødorpfjellet. 

På GD si nettside kan du gratulere Bjørn med prisen!

Vehl-Per statuetten, som er Peer Gynt-statuetten i miniformat, blir kvart år delt ut til ein institusjon eller person som gjennom lang tid har markert seg på ein positiv måte i forhold til Per Gynt-stemnet og lagt ned ein stor friviljug innsats. Der den litterære Peer er viljelaus og vik unna, går Vehl-Per tvert igjennom og stiller opp. Det gjeld i aller høgaste for Bjørn Ulekleiv. Det er stiftelsen Peer Gynt som utnemner Vehl-Per.

For meir informasjon:
Gunnar Tore Stenseng, leiar i Stiftelsen Peer Gynt
Tlf: 908 78 907  

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line