Årets t-skjorte er klar!
T-skjortene vil og i år bli levert av Bedre!, og dei er produsert i 100% økologisk Faitrade-merka bomull. Designet er det Rudof Havlik som står bak. Dei produserast i dame- og herremodell.
– ”Tenke det, ville det, ønske det med, men gjøre det?” er jo eit sitat dei fleste av oss kjenner oss att i, både i næringsliv, organisasjonar og privatliv. Det er noko vi tenkjer på og gremmar oss over. Og vi ønskjer jo at folk skal reflektere over det når dei er her, seier May Brit Støve i Peer Gynt as til lokalavisa Dølen. Støve meiner temaet passar godt til resten av festivalen. – Det er jo eit sitat som er spesielt aktuelt i år, ikkje minst under Peer Gynt Forum, der motivasjon er eit sentralt tema. Sitatet blir ikkje eit gjennomsyrande tema for heile stemnet, men også sett i forhold til at vi er så tett knytt opp mot naturen passar det godt – det er nok mange som sit og tenkjer at dei vil opp av sofakroken og ut i naturen, seier ho.
T-skjortene blir produsert i India, og leverast hos Peer Gynt as.
Pris: kr. 260,-

